Ønskjer snøggbåt frå Knarvik
Endret 20.08.07 10:49
Årsaka til forslaget er frykt for at biltrafikken skal auka kraftig etter nyttår når Nordhordlandsbrua vert gratis. Difor ønskjer SV å skapa gode kollektive tilbod, og dei støttar også KrF sitt framlegg om kraftig reduksjon i prisane på busskort for bussar som køyrer over brua.
Allternativ til privatbilen
? Me treng trygge, komfortable og rimelege alternativ til privatbilen. Eg trur snøggbåt frå Knarvik kan vera eit slikt alternativ, uttalar Liv Glasser i ei melding. Ho er samferdselspolitikar for SV i fylkestinget. Glasser viser til at biltrafikken auka med heile 40 prosent umiddelbart då Sotrabrua vart gratis. Ho fryktar og at situasjonen vert endå verre når Askøybrua vert gratis neste år, og at det samstundes vert ein vekst i trafikken frå Sotra.
SV har ikkje oversikt enno over kva ei slik snøggbåtrute vil kosta.
? I første omgang må saka utgreiast av administrasjonen. Men me kjem altså til å føreslå dette no i samband med budsjettet, og håpar då at andre parti støttar forslaget, seier Glasser til Strilen. Ho trur og det er lurt at ei snøggbåtrute vil ha eit stopp på Frekhaug.
Må tilretteleggja
Også Meland-ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik har uttrykt ønskje om å få på plass igjen snøggbåtruta.
? Det er viktig at ein ikkje legg vekk snøggbåten som eit alternativ, seier ho. ? Men dersom det kjem ein snøggbåt må ein og leggja til rette med parkeringsplassar og korresponderande bussar til og frå Frekhaug og Knarvik.
? Men er ikkje snøggbåt rekna som veldig forureinande?
? Det skjer jo mykje på den fronten også, både når det gjeld gass og anna. Dessutan kan eg ikkje skjøna at ein snøggbåt skal vera mindre miljøvennleg enn hundrevis av bilar i bilkø, seier Åmdal Sandvik.
Ho er heller ikkje redd for at ein snøggbåt skal redusera presset på å få betre vegsamband gjennom Åsane.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





