Ønskjer storinvestering på Mongstad
Endret 20.08.07 10:49
Tanken er at CO2-senteret skal ta imot CO2 i flytande form frå heile Europa. Dette skal transporterast med skip eller gjennom røyrleidningar. CO2 kan til dømes pumpast inn i oljebrønnar, for på den måten å få ut meir olje. I følgje Dagens Næringsliv (DN) er LO positive til planane.
? Så langt er ikkje planane presentert for Statoil, difor kan me ikkje ta stilling til dei enno, seier informasjonsleiar Kåre Ness ved Statoil Mongstad til Strilen.
Gigantiske investeringar
Det er snakk om investeringar på formidable 60 til 86 milliardar kroner. Dette skal til gjengjeld gje inntekter på mellom 600 og 1000 milliardar kroner over ein 40-års periode. DN viser til at det på Mongstad er kapasitet til å ta imot og lagra all CO2 frå Europa i 400 år. Mongstad har gode kaianlegg, hallar til lagring og snart vert ein røyrleidning til Troll-feltet ledig. Mongstad har i dag også det største punktutsleppet i landet av CO2 med 1,5 millionar tonn. Dersom ein også får eit gasskraftverk, vil utsleppa auka til 2,5 millionar tonn i året, i følgje DN. Eit anlegg for CO2-handtering vil altså kunna gjera noko med Statoil Mongstad sine eigne utslepp.
Vidare utgreiing
Naturvernforbundet har tidlegare sagt til Strilen at dersom dei får eit system for handtering av CO2 på Mongstad, vil dei stilla seg positiv til bygging av eit gasskraftverk.
Dersom ein no vel å tenkja verkeleg stort, slik dei omtalte planane skisserer, kan altså dette verta langt meir omfattande enn det som tidlegare har vore drøfta.
Også informasjonsleiar Kåre Ness ved Statoil Mongstad har tidlegare sagt at dei er positive til CO2-handtering, men at det ikkje er økonomi til dette i det planlagte gasskraftverket dei har søkt om konsesjon til. Vert det stilt krav til CO2-handtering i samband med kraftverket, vert prosjektet lagt dødt.
Situasjonen vert likevel ein annan dersom staten vil delta i finansieringa.
20 millionar
Dagens Næringsliv fekk ingen kommentarar verken frå Statoil eller frå Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen. Men regjeringa skal ha sett av 20 millionar kroner til det vidare utgreiingsarbeidet.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





