Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ønskjer tips etter innbrot

Del | |
GULEN: Det har vore innbrot i ei hytte i Gravdal langs Riksveg 57 mellom Dalsøyra og Hegglund i Gulen. Innbrotet skal ha skjedd i løpet av dei siste fjorten dagane.
Publisert 06.08.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Dersom nokon har observert personar eller bilar i området kring den raude hytta, så  er lensmannskontoret interessert i å vita om dette.


Klage på ATV-kjøring
GULEN: Det er kome fleire klager på at mindreårige kjører rund på firhjulsmotorsyklar ulike stadar i Gulen.
? Me har fått opplysningar om at born og ungdom har kjørt rundt på vegane på motorsyklar med fire hjul, såkalla ATV-ar. Dette er ei sak me ser alvorleg på. Firhjulsmotorsyklar krev førarkort for motorsykkel. Det er ikkje eit leiketøy som passar for born og ungdom, opplyser Lensmann Henry Indrebø. Han oppfordrar foreldre om ikkje å la mindreårige køyra slike syklar. Lensmannen minner også om at det er ulovleg å bruka gokartliknande kjøretøy langs vegane.
? Det er ikkje lov med heimelaga gokartar på vegen. Gokartar kan berre brukast på eigne baner som er laga for dette formålet, seier  Indrebø og kovar at politiet kjem til å slå hardt ned på ulovleg bruk av slike kjøretøy.


Bra oppførsel i Skjerjehamn
GULEN: Det er ikkje meldt om uheldige episodar i samband med Utkantfestivalen i Skjerjehamn denne helga. ? Det var mykje folk og fin stemning. Alt gjekk etter planen. Det var nokre få personar som trengte rettleiing av politiet under dansen, men ingen alvorlege hendingar, får Strilen opplyst hjå Gulen lensmannskontor.

Promillekjørte med moped
AUSTRHEIM: Ein ungdom på moped vart stogga etter misstanke om promillekjøring natt til måndag. Mopedføraren vart observert i Kjelstraumen og vart henta inn av lovens lange arm i løpet av kvelden. ? Føraren kan venta seg eit oppgjer med politiet etter hendinga, opplyser politiførstebetjent Svein Fammestad ved Lindås og Meland lensmannskontor.

Gummibåtar på rek
RADØY:  Radøy lensmannskontor har fått inn melding om funn av to gummibåtar på rek i og etter helga, den eine med påhengsmotor. Rette vedkomande kan kontakta lensmannskontoret.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt