Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ønskte nytt klubbhus, fekk idrettshall

Del | |
MELAND: Det er lett å forstå kvifor Kvernbit-formannen er jublande glad. Strilen har fått smugtitta eit par veker før dørene til Trond Mohn si flotte gåve opnar dørene.  
Publisert 06.12.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Det er fantastisk. Kvernbit har slite med å få til eit klubbhus i alle dei ti åra eg har vore leiar. I oktober 2003 tok eg kontakt med Trond Mohn for å høyra om me kunne få økonomisk hjelp til eit klubbhus. Tilbakemeldinga frå han var å få til noko som kom heile kulturlivet i kommunen til gode. Og no kan me altså opna ein idrettshall med kultursal, seier Hesjedal.

Søndag hadde han omvising for Strilen, saman med Svein Arne Dale og Ronald Pedersen frå Frank Mohn Flatøy AS og Helen Dale frå Nordre Holsnøy IL.


Solid kvalitet
Alle fire nærmast stråler under omvisinga. Attesten til hovudentreprenør Mester Yrkesbygg AS og handverkarane er klar: Her er det gjort godt arbeid.

Eit par veker før idrettshall, kultursal og fem leilegheiter er klar til bruk, er det så godt som ingen ting å setja fingen på.

Born, unge og vaksne i Meland vil få boltra seg i supre lokale.

I samråd med Trond Mohn er det satsa på solid kvalitet.

Under synfaringa dreg dei fire også fram to andre som skal ha sin del av æra for den storstilte gåva til kommunen:

Byggjeleiar Olav Tore Fosse og grunneigar Frank Rune Dale. Sistnemnde stillte tomten på 11 mål gratis til disposisjon.

Undervegs på runden er me også innom det som var utgangspunktet ? Kvernbit sine klubblokale. Denne delen av bygget er på 130 rutemeter. Her skal idrettslaget ha sin hovudbase. Men også andre lag skal kunna sleppa til med møte og konferansar, opplyser Svein Arne Dale.

Like attmed er det sekretariat og speakerbu for fotballaktivitetar på Fossemyra.

 

Foaje og kjøkken

Vel innom hovudinngangen kan ein stoppa opp i ein luftig og romsleg foaje. Store vindauge sikrar godt utsyn til terrenget rundt og kunstgrasbanene på Fossemyra like ved.

I eine enden ligg eit romsleg kjøkken på 24 rutemeter. Gjennom luka der kan det snart leverast ut kaffi, brus og vaflar. Men utstyret er i orden til ein litt meir avansert meny.

Ved eine veggen kjem det ein eigen «skranke» for dei som vil gå inn på internett.

? Det kan også medverka til at Meland Aktiv vert ein møteplass for ein del som no sit heime på data. Og er dei først her, er vegen kort inn til hallen kort. Dermed kan dei som er med på ein eller annan aktivitet, fort trekkja andre med nye som i dag er mindre aktive, trur Heland Dale i Nordre Holsnøy I.l.

 

Kultursalen

Neste stopp er eit «bakom-scena« rom der til dømes medlemer i kulturskulen kan øva. Det kan skje utan at dei som måtte vera på scena i kultursalen, vert forstyrra.

Scena og den tilhøyrande salen utgjer 260 rutemeter å boltra seg på. Det er eit tilbod blant anna kulturskulen kan rekna med å nyta godt av.

? Her er utstyret avansert, både når det gjeld lys og lyd. Opplegget er klart for seinare å kjøpa inn til dømes ein miksepult, opplyser Ronald Pedersen.

60 rutemeter kan delast av til undervisning, møte og konferansar. Dette rommet er laga etter innspel frå kommunen sine tidlegare kyrkjelydsprest Rune Minde. Rett bak scena er det også enno eit lite og lydisolert øvingsrom.

 

Handball, volley, basket..

Dei mange i Meland som driv med handball og volleyball, har sjølvsagt også grunn til å gleda seg. Største rommet i Meland Aktiv er idrettshallen på 45 x 23 meter pluss tribune med plass for minst 150.

Styreformann Dale let seg sjølv mest frista av golf. Men i hallen kan han reklamera med oppmerking for dei fleste innandørsaktivitetar: Ei internasjonal handballbane, tre volleyballbaner, ei full basketballbane samt fleire mindre på tvers, samt innebandy.

I eine enden er det funne plass til eit heilt nytt tilbod lokalt: klatrevegg.

Garderobar og dusjar står i stil med resten av det flotte anlegget.

Bak tribuna er det sett av 150 rutemeter til «treningsstudio», med plass for spinning, styrketrening m.m.

 

Avansert

Kontroll- og vaktrommet er enkelt, men topp moderne når det gjeld utstyr.

? Herfrå styrer me alle funksjonar som gjeld lyd, lys og ventilasjon, opplyser Ronald Pedersen. Er det behov for å gje ei melding berre til ein garderobe, er det ikkje noko problem.

Ein eigen boks med mikrofon kan trillast rundt i heile hallen, slik at ein kommentator kan koma tett på dei aktive.

Tett ved vaktrommet er det funne plass for eit eige sjukerom når det måtte behøvast.

Straumforsyning og teknikk er dimensjonert også for PC-party. Hallen har blant anna trådlaust internett-opplegg. Perforerte plater i taket er nytta for å sikra god akustikk.

 

 

 

I bruk før jul

Utolmodige medlemer i idrettslaga kan sjå fram til at Meland Aktiv opnar dørene før jul. Før den tid skal utvasking og siste finpuss gjerast unna.

Ein offisiell opningsdato er ikkje fastsett, men Svein Arne Dale tippar det kan verta i løpet av januar.

Innan den tid er det grunn til å rekna med at mange har funne seg til rette i det flotte kultur- og idrettsbygget.

? Med reknar med å måtta leiga inn hjelp til reinhald, men utanom det satsar stiftinga på å driva hallen på dugnad, seier Dale.

Prosjektet kjem i hamn etter ein kalkyle på 31 millionar kroner, inkludert dei fem leilegheitane på 55 ruetemeter.

Dei vert seksjonerte ut til kommunen. Husleiga vil sikra stiftinga ein del av inntektene til å driva Meland Aktiv. Brukarane må også betala for å vera der, men husleiga skal ikkje skremma nokon bort.

På dagtid er håpet at hallen vert nytta mest mogeleg av skuleelevar.

? Den mest etterspurde brukstida er naturleg nok på ettermiddag og kveld. Her kan ikkje alle grupper rekna med å få sine ønskje oppfylt fullt ut, tippar Bjørn Tore Hesjedal.

 

Satsa på parkett

? På golvet i idrettshallen enda me opp med parkett. Eit spesielt plastdekke retta mot handball vart diskutert ei stund. Men me kom til at parkett var det beste, seier styreleiar Svein Arne Dale i stiftinga Meland Aktiv.

Som tilsett i Frank Mohn Flatøy A/S er han også gjevar Trond Mohn sin representant, saman med Ronald Pedersen. Dei to viser ivrig rundt saman med Bjørn Tore Hesjedal frå Kvernbit IL og Helen Dale frå Nordre Holsnøy I.L.

Bak bygget ligg det også svært mange dugnadstimar, særleg frå styret for stiftinga.

Idrettshallen dekkjer om lag 1300 av dei knapt 4000 rutemetrane i eit innhaldsrikt bygg.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt