Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ope om ny Grasdal-barnehage

Del | |
MELAND: Barnebygg AS har enno ikkje teke endeleg avgjerd om dei skal byggja ny Grasdal barnehage i vår. Men det er meir sannsynleg at dei byggjer enn at dei ikkje gjer det, seier prosjektleiar Jarle Nilsen i Barnebygg AS.
Publisert 04.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Grunna låge søkjartal til nye Grasdal barnehage, kan bygginga verta utsett eitt år, skreiv Strilen 21. mars. I verste fall kan heile prosjektet verta skrinnlagt. 1. april gjekk søkjarfristen til barnehagane i Meland ut.  Barnehagekonsulent Mette Træland kan melda om at det er søkt om plass til nokre og tjue born som førsteprioritert i den nye barnehagen, men at det og kan ha kome inn søknader i løpet av helga.

Låge søkjartal
Dei endelege søkjartala vert melde vidare til Barnebygg AS, som då tek avgjerda om dei vil setja i gong. Til Strilen sa Jarle Nilsen i Barnebygg tidlegare at dei burde ha ei dekning på rundt 50 prosent for å kunna byggja. Det betyr i praksis 40 ? 45 born på søkjarlista. Så langt ser det ut til at søkjartalet er eit stykke under dette. I går sa Jarle Nilsen at dei arbeider vidare med planane, og ventar no på at reguleringsplanen for barnehagen vert endeleg behandla 5. april.

Tek avgjer over påske
Barnebygg vil så sjå nærare på søkjartala, og vil like over påske ta endeleg avgjerd om det skal byggjast ny barnehage i vår.
? Men det har så langt aldri skjedd at Barnebygg har hatt ein barnehagetomt utan at det har kome barnehage på tometen, seier Nilsen.
Dei har og erfaring med å driva barnehagar med ledig kapasitet, for så å fylla opp dei ledige plassane etter kvart. Men avgjerda om bygging i vår eller ikkje vert altså teken like over påske.
? Men det er meir sannsynleg at det vert bygt barnehage, enn at det ikkje vert det, seier Nilsen.
Dersom dei startar bygging i år, skal dette etter planen skje i mai.
Reserveløysingar
Dersom det ikkje vert nokon ny Grasdal barnehage i år, må Meland kommune finna reserveløysingar og endra på listene sine, opplyser Mette Træland. I praksis vert det då truleg ein del som ikkje får plass til borna i barnehagar i Meland.
? Hadde de hatt betre kontroll dersom barnehagen vart bygt ut i kommunal regi?
? Det var i utgangspunktet planen at barnehagen skulle vera kommunal. Men dette er ikkje noko aktuell problemstilling, sidan me ikkje fekk løyve av fylkesmannen til å ta opp meir lån, seier Træland.
Alternativet til privat barnehage var difor ingen ny barnehage. Træland seier at kommunen ønskjer full barnehagedekning, men ikkje så god kapasitet at dei som driv barnehagane slit økonomisk.
Kommunen har eit godt samarbeid med dei private barnehagane, men får ikkje like god oversikt som dei ville ha hatt dersom kommunen eigde barnehagane sjølv, seier Træland.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt