Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Opna Sjausetvatn vassverk

Del | |
LINDÅS: Niåringane Johanne Gjelsvik og Tonje Person Farstad fekk æra av syngja under den offisielle opninga av Sjausetvatn vassverk i går.
Publisert 17.12.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

«Det er gøy med vinter og snø» song Tonje Person Farstad, og då burde ho ha ei lukkeleg stund ved Sjausetvatn, for der lava snøen ned under opningshøgtida for vassverket i går. Litt verre vart det for dei som skulle koma seg derifrå med bil etterpå.

Dei to jentene frå Ostereidet barneskule fekk saman med lærar Else Iren Westervik stå for det kunstneriske då vassverket vart opna.

? Ei god og sikker vassforsyning er viktig også for den oppveksande slekt, sa ordførar Tove Linnea Brandvik, som tok seg av snorklippinga. Snora var elles ein rest frå snora kongen klipte over på Flatøy då brua vart opna i 1994.


Seks år

Seremonien i går markerte avslutninga på ei seks år lang vassverkutbygging i Osterfjorden. Vassverket med reinseanlegg og høgdebasseng på Sjauset har vore i drift sidan 2001, men no er leidningsnett på land og i sjø kome heilt inn til Ostereidet.

? Det inneber at byggestoppen som har vore gjeldande enkelte stader på strekning, no kan opphevast heilt, sa kommunalsjef Kåre Jordal.

Ein del nye byggefelt er alt under utbygging, og fleire er på trappene.

Ordføraren var sikker på at det at ein no kan tilby sikker vassforsyning, vil ha mykje å seia for utviklinga i denne delen av kommunen.

 

Reserve

I tillegg til å sikra vassforsyninga frå Leiknes til Ostereidet, skal vassverket på Sjauset og vera reservevasskjelde for Lindås kommune. Men då må dette vassverket koplast saman med hovudvasskjelda i Storavatnet. Så langt har ein førebels ikkje kome.

Totalt har det kosta om lag 30 millionar kroner å byggja ut vassforsyninga langs Osterfjorden, kunne avdelingsleiar i Lindås kommune, John Bauge, fortelja.

Vassverket har kapasitet til å forsyna 3000 menneske. I dag er rundt 300 husstandar knytte til vassverket, og talet aukar heile tida.

? Vatnet her held ein høg kvalitet, og i tillegg sikrar reiseanlegget at bakteriar og virus vert fjerna, sa Bauge.

 

Framleis står det att utbygging av nokre høgdebasseng og leidningar for at alle langs Osterfjorden skal kunna få vatn frå vassverket. Og i Lindås kommune sin investeringsplan for vatn er det enno att 60 millionar kroner i investeringar fram til 2012.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt