Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Opnar nettkafé

Del | |
Dei fire 16-åringane Nathalie Øksnes (frå venstre), Beate Losnegård Fosse, Heidi Sæbø og Malene Fanebust er snart klare med Internett-kafé i ungdomsklubben på Frekhaug.
Publisert 19.01.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Det skjer ved hjelp av dugnad og tilskot frå organisasjonen «Ung i Europa».

Opning av kaféen i løpet av februar er målet til dei fire, som har vore medlemer i ungdomsklubben i mange år. Korleis opninga skal markerast, er ikkje heilt klart. Å invitera til datehelg er eitt alternativ.

? Mange unge «heng» på senteret og andre stader, så me trur det vil verta god oppslutning om tilbodet, seier Heidi Sæbø.

Internett-kafé har lenge vore mangelvare i Meland. No kjem det også eit tilbod i den nye idrettshallen på Fossemyra. Det viste ikkje jentene i ungdomsklubben om då dei søkte «Ung i europa» om tilskot. Men dei er ikkje så redde for at ikkje  tilbodet i ungdomsklubben vil verta brukt.

«Ung i Europa» er ein organisasjon som støttar opp om tilbod som ikkje finst i nærmiljøet.

? Me søkte i oktober, og rett før jul kom meldinga om at me var innvilga 67.000 kroner. 75 prosent av beløpet vert utbetalt no i startfasen, resten når me kan visa at alt går bra, opplyser Beate Losnegård Fosse.

Jentene har alt malt på nytt den delen av klubben som skal brukast til kaféen. Dei har også fått i boks avtale for oppføring av ein skillevegg.

Breidband-tilkopling vert det kommunen sin jobb å få på plass. Avtale om innkjøp av seks pc-ar og like mange skrivarar er gjort, og litt nye møblar og gardiner skal kjøpast inn. Logo for kaféen er under produksjon av elevar ved teikning, form og farge ved Knarvik vidaregåande.

? Kaféen kjem til å verta open i alle fall om søndagane og til andre tider ungdomsklubben ikkje er i bruk. 

Å gå på kafén og bruka nettet vert gratis. Dei som vil handla noko i kiosken, må naturleg nok betala for det. Klubbleiar Evy Bengtsson opplyser at pc-ane vil vera tilgjengelege også på ungdomsklubben sine kveldar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt