Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Opprør i Alversund-bygda

Del | |
LINDÅS: Folk i Alversund er leie av å venta på at noko vert gjort med skulesituasjonen, og vil og ha betre tilrettelegging for born og unge i bygda. 11. mai vert det folkemøte om saka. (Foto: Hans Egil Storheim)
Publisert 28.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Frustrasjonen er ikkje til å ta feil av blant lag og organisasjonar i Alversund. I går ettermiddag stilte mange av leiarane opp på kort varsel ved Alversund skule. Laga som var representerte var I.L Alvidra, Ikenberget Vel, Alvermarka Vel, Hilland Vest Velforeining, Alversund helselag, ungdomslaga i Alverstraumen og FAU. Motstanden mot ein stor ungdomsskule i Knarvik og inga utbygging i Alversund er stor.

Krev skule i Alversund
? Det bur heile 3000 menneske i Alversund-området. No må noko gjerast for at desse også skal ha eit godt skule og fritidstilbod, seier Magne Legernes i I.L. Alvidra.
Han meiner at kommunen ikkje berre kan leggja tilrette for bustader, då dei ønskjer skatteinntektene. No må kommunen gje noko tilbake.
Legernes meiner at det må byggjast både ny ungdomsskule og idrettsanlegg i Alversund.
? FAU i Alversund ønskjer ein ungdomsskule i Alversund og FAU i Knarvik ønskjer det. Likevel føresler altså dette utvalet som har sett på skulestrukturen å samla alle ungdomsskuleelevane på ein stor skule i Knarvik, seier Legernes.
Han meiner pengane kommunen har sett av til ungdomsskule, først og fremst må gå til å byggja ny ungdomsskule i Alversund, då det er i dette området situasjonen er mest akutt.

64 førsteklassingar
? Skulen er for liten. Eg trur ikkje kommunen har heilt klart for seg kva dei skal gjera når det kjem heile 64 førsteklassingar til Alversund skule til hausten, seier han.
Samstundes forstår han at det må gjerast noko med Leiknes skule, og etter kvart må nok og Knarvik ungdomsskule byggjast ut. Men utviding i Knarvik kan ein enno venta litt med, meiner han.
? Me har vore altfor tålmodige i Alversund. Me har kanskje ikkje vore flinke nok til å organisera oss, seier Legernes.

Innleiar frå Flaktveit
Men dette har dei altså tenkt å gjera noko med. 11. mai vert det folkemøte i bygda, der lag og organisasjonar skal samlast. Dei har fått tak i Frode Bergo Larsen frå Flaktveit som innleiar til folkemøtet.
? På Flaktveit hadde dei ein liknande situasjon som i Alversund. Det var stor byggjeaktivitet, utan at kommunen følgde opp med infrastruktur innan skule og fritid i buområdet. Bumiljøet vart etter kvart så dårleg at folk nesten måtte gje vekk husa sine for å verta kvitt dei, seier Legernes.
På Flaktveit kom ein så i gang med å laga mellom anna idrettsanlegg og ny skule. Det løyste dei aller fleste problema, hevdar Legernes.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt