Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ordførarane samde om bompengepakke

Del | |
Ordførarane i Nordhordland er samde om ein bompengepakke med ein bom på brua.
Publisert 09.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Vedtaket i Regionrådet legg opp til ein bom, og den vert plassert ved Nordhordlandsbrua. Sannsynlegvis vert den automatiske trafikkregistratoren plassert på Flatøy, der bompengebuene i desse dagar vert fjerna.
? Sjølve dokumentet er ikkje klart enno, det er nokre kart som må lagast, seier leiar i Regionrådet Nordhordland IKS, masfjordordførar Håkon Matre (Høgre).
Vedtaket vart gjort samrøystes, etter at ordførarane i første omgang måtte ha meir tid til å finpussa på formuleringane. Rådet hadde saka oppe på sitt møte i Modalen fredag, men måtte ha meir tid.

Representantskapen
Når ordførarane no har samla seg om eit vedtak, er det representantskapen i Regionrådet som skal handsama saka i neste omgang. Dersom også dei støttar prinsippskissa for ein bompengepakke i Nordhordland, skal saka så ut til handsaming i alle kommunestyra.
Dersom politikarane i Nordhordland går inn for ein bompengepakke, vert det utforma ein bompengesøknad som Stortinget så eventuelt skal avgjera. Eit bompengeja frå Stortinget kan koma tidlegast neste vår.

Viser bakgrunn
Prinsippvedtaket som Regionrådet no har samla seg om inneheld meir bakgrunnsinfo enn det forslaget som ordførarane ikkje godtok fredag.
? Me har teke inn litt meir bakgrunn for pakken, mellom anna kva prosjekt som er finansiert gjennom Nasjonal transportplan (NTP), seier Matre.
? Spørsmålet er om ein er nøgd med det som ligg i NTP, eller om ein vil ha noko meir.
Ordførarane sitt svar er altså at dei vil ha meir veg enn det Nasjonal transportplan legg opp til. Det at enkelte prosjekt er med i NTP treng heller ikkje vera ein garanti for at prosjektet kjem i gang til planlagt tid. For at planane i NTP skal gjennomførast er ein avhengig av at dei årlege løyvingane frå Stortinget til veg er tilstrekkelege.
? All historie viser at desse løyvingane ikkje klarer å følgja planen, seier Matre.
Masfjord-ordføraren fryktar at utan Nordhordlandspakken kan nokre av dei prosjekta som i dag er på lista i NTP, verta utsett av di Stortinget ikkje løyver nok pengar år for år.

Solidaritet
Når ordførarane no går inn for eit forslag med berre ein bom, og med den plassert på Nordhordlandsbrua, er det mellom anna av di ei løysing med fleire bommar vil vera dyrt.
? Me har i vedtaket også vist til korleis det har vore i Nordhordland tidlegare, der folk gjennom bompengar har finansiert vegar uavhengig av kor dei bur, seier Matre.
Med bommen plassert på Nordhordlandsbrua vil ein få med seg all trafikken mellom Nordhordland og Bergen, i tillegg til gjennomgangstrafikken på E39.

Tunnelen i fase 2
Nyborgtunnelen er ikkje med i fase 1 av Nordhordlandspakken. Dette kjem av at tunnelen ikkje er med i den gjeldande utgåva av Nasjonal transportplan. Skal ein søka Stortinget om å bompengefinansiera vegprosjekt, må heile finansieringa vera klar når søknaden vert sendt. Om Nyborgtunnelen vert teke inn i fase 1 av pakken må ein såleis føra opp at den skal finansierast hundre prosent med bompengar.
? Me må arbeida for at Nyborgtunnelen kjem inn i NTP i samband med neste rullering av planen, og at tunnelen vert ført opp med pengar i perioden 2014-2019, seier Håkon Matre.
Nyborgtunnelen er tenkt med to felt i kvar kjøreretning.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt