Orkan i kasta gav pause for Fedje-ferja
Endret 20.08.07 10:49

? Ferja gjekk turen før kl. 15.50, men har meldt frå til Trafikksentralen at dei ikkje vil gå fleire turar i kveld. Vinden er mellom 26 og 37 sekundmeter, og det er store problem for ferja med å leggja til i Sævrøy, seier trafikkleiar Oddvar Sildelid til Strilen ved 16.15-tida søndag ettermiddag.
Orkan var 33 sekundmeter, så Sildelid stadfesta dermed at det var godt over orkan i vindkasta. Innan kl. 16-45 hadde trafikksentralen ikkje andre meldingar om problem med avviklinga av trafikken. Men sentralen hadde stoppa lostenesta inntil vidare.
? Ved 15.30-tida var det kring 10 bilar på kaien som venta å koma seg med ferja. Dermed tyder alt på at det vil samla seg fleire bilar som håpar at vinden vil løya slik at ferja kan gå. Elles må folk på Fedje innstilla seg på ekstra overnattingsgjestar, seier Strilen sin frilansar Morten Øien til Strilen ved 16.30-tida søndag. Julebord i regi av Fedje Bygdelag laurdag kveld har truleg medverka til at det har vore fleire besøkjande på Fdeje enn normalt denne helga.
Etter ruteplanen har Fedje-ferja avgangar også 18.10, 19.55 og 21.20 på søndagar. M/F «Fedjefjord» var ikkje tilgjengeleg på mobil like før kl. 17.00 søndag.
? Eg har forsikra sambuaren i Åsane at alt er vel. Må håpar i lengste laget at ferja går, slik at me kjem oss avgarde i kveld, seier Kenneth Raftevold. Han er i lag med ein gjeng kolleger frå Elprice i Arna, som alle var med på julebordet i bygdelaget laurdag kveld.
- Julebordet var heilt knall! Men kjem me oss ikkje avgarde, vert det ein heil del folk som ikkje møter på jobb måndag, inkludert meg. Eg skal starta kl. 12.00 måndag, seier Raftevold.
? Det er berre å ta det med ro. På turen 14.40 frå Fedje var det sterk storm og opp i orkan, og det var vanskeleg å leggja til i Sævrøy. Det går greitt å gå ut frå Fedje, men problemet er å koma til kai i Sævrøy, seier styrmann Torgeir Øvrebotten på «Fedjefjord» ved 17.30-tida søndag. Då hadde vinden ikkje løya. Meldinga frå Trafikksentralen var at vinden kan løya eller dreia ved midnatt.
Bt.no skriv søndag ettermiddag at vinden er så sterk at Sotrabrua kan verta stengt.
? Vinden på Sotrabrua er i alle høve ikkje verre no enn for ein time sidan, seier Morten Hansen ved Vegtrafikksentralen kl. 17.40 søndag. Han seier at det ikkje har kome meldingar om trafikkproblem i Nordhordland, men sentralen var ikkje kjend med at orkanen har sett Fedje-ferja ut or drift før Strilen tok kontakt.
Verken på Nordhordlandsbrua eller andre bruer i Nordhordland er det montert vindmålar.
? Så langt har me ikkje fått skademeldingar frå dei vakthavande politifolka i Nordhordland, opplyser Hordaland politikammer sin operasjonleiar ved 17.40-tida søndag.
? No er det ikkje lenger orkan, og me prøver å gå turen som har avgang kl. 19.55, opplyser skippar Reidar Bøe kl. 19.10. Ferja har plass til 40 bilar, og Bøe reknar med at alle som vil skal få plass på ferja. Turen gjekk som normalt, og ved 20.25-tida var Fedjefjord på veg tilbake til Fedje, for å gå den siste turen etter ruta kl. 21.20.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




