Ørna et og har det bra
MONGSTAD: Ei havørn vart funnen forkomen på Mongstadbase denne veka. Ørna er no hos Kurt Oddekalv i Noregs Miljøvernforbund.
Endret 02.12.11 18:44
– Ørna et og har det bra. Ho ser ut til å koma seg, fekk Strilen opplyst av Ane Rong i Norges Miljøvernforbund i går ettermiddag.
Ørna er no heime hos Kurt Oddekalv, i eit bur på 20 gonger 20 meter.
Ikkje beinbrot
Torsdag hadde Oddekalv ørna med til Tertnes dyreklinkk i Åsane. Der vart ho undersøkt av dyrlege Ulf Erlandsen, som fastslo at ørna truleg ikkje hadde beinbrot verken i vengen eller andre stader, men kanskje hadde strekkskadar. Utsiktene for at ørna skal koma seg, er difor gode.
Krangel
Havørna utløyste tidlegare i veka ein viss krangel mellom Kurt Oddekalv og ørneekspert Magne Helge Sleire i Masfjorden.
Sleire fortel til Strilen at han vart kontakta av viltnemnda i Lindås for å ta seg av ei havørn som gjekk rundt på området til Mongstadbase. Men då han onsdag morgon kom til Mongstad for å ta seg av ørna, var ho borte.
Det viste seg seinare at nokon på basen hadde teke ørna inn i ein hall der. Sleire reiste tilbake til Mongstad ved tretida om ettermiddagen, men då var ørna igjen borte. Då viste det seg at Kurt Oddekalv hadde vore og henta ørna.
Lang erfaring
– Eg har jobba med berging av ørner sidan 1980-talet og har lang erfaring i dette. Ofte er det meg folk tek kontakt med når dei finn ei skada ørn, seier Sleire.
Han finn det rart at Oddekalv berre kjem og hentar ørna utan vidare, men kjem ikkje til å forfølgja saka vidare.
– Men eg veit at Fylkesmannen vurderer saka, seier Sleire til Strilen torsdag.
– Eg vart kontakta av lokale representantar på Mongstad som lurte på kva dei skulle gjera med ørna. Difor henta eg henne, og eg skal ta vare på henne og sleppa ho fri når ho er frisk nok til det, sa Oddekalv til bt.no onsdag.
Uklart
– Me har ikkje noko dyrepoliti i Noreg, så det er ikkje klare prosedyrar i slike saker, seier Stein Byrkjeland hos Fylkesmannen til Strilen.
Han fekk melding om ørna måndag, og i samråd men lensmann og viltnemnd vart det avgjort at ein skulle kontakta Magne Helge Sleire.
Det som har vidare skjedd, viser berre kva som kan skje når mange folk er innblanda, seier han. Fylkesmannen kjem ikkje til å gjera noko meir i saka i denne omgang.
Byrkjeland kan elles fortelja at han har fått mange telefonar frå media etter at saka vart kjend i bt.no.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




