Over 500 Meland-underskrifter mot bom
Endret 20.08.07 10:49
Engeseth er leiar av interimstyret i organisasjonen, som arbeider for å hindra at det kjem nye bompengeprosjekt til regionen. Aksjonen er eit svar på planane om ein «Nordhordlandspakke», der bompengar skal vera med på å finansiera Nyborgtunnel og ei rekkje vegprosjekt ulike stader i Nordhordland.
Bompengeaksjonistane har også lagt ut lister på Shell-stasjonen på Lindås, her har meir enn 150 personar sett namnet sitt under kravet om å sleppa meir bompengar.
Møte onsdag kveld
Onsdag kveld inviterer folkeaksjonen til møte i Knarvik, eit møte som er ope for alle. Her skal dei diskutera nærare planane om eit folkemøte om bompengar, og andre aktivitetar aksjonen skal ha framover.
? Me treng fleire folk i organisasjonen, så eg vonar at fleire kjem på møtet. Denne aksjonen kjem nok til å vara ei stund, og me treng fleire folk som kan vera med og stå på, seier Svein-Atle Engeseth.
Stand på laurdag
Til helga planlegg Engeseth og dei andre i interimstyret stand både i Knarvik Senter og på Frekhaug Torg. Folkeaksjonen mot bompengar er på plass i dei to sentra frå 11.00 til 15.00, og då vert det mogleg både å skriva under mot bompengar og kjøpa klistremerke og anna materiell frå Nei til bom-aksjonen.
? Det er rett nok vinterferie denne veka, men det var viktig for oss å koma i gang fort, seier Engeseth.
Ring ein politikar
Svein-Atle Engeseth oppfordrar folk til å ringa eller skriva til politikarane, for å samla støtte til aksjonen mot meir bompengar. Særleg aktuelt meiner han at dette er i Meland, der kommunestyret ikkje har sa til bompengar, men samstundes har støtta opprettinga av selskapet Nordhordlandspakken AS.
? Slik me oppfattar vedtaket i kommunestyret er det eit nei til meir bompengar. No må me berre sjå til at dei ikkje snur, seier Engeseth.
Tek bussen
Sjølv om melandbuen Engeseth leiar aksjonen mot bompengar, betyr ikkje det at han sjølv vert sterkt ramma av eit eventuelt bompengeprosjekt. Rett nok har han arbeidsplassen sin i Bergen, men til og frå arbeid tek han bussen.
? Det er behageleg å reisa med bussen, seier Engeseth.
Samstundes forstår han dei som ikkje har høve til å bruka kollektivtransport til arbeid sørom fjorden.
? Eg arbeider på Høgskulen i Bergen, og har kort veg frå Busstasjonen. Eg skjøner at dei ikkje er like enkelt å ta buss for dei som må ta to bussar for å koma seg på arbeid, særleg om det er buss frå to ulike selskap.
Eiga nettside
Folkeaksjonen mot bompengar har fått oppretta ei eiga nettside, med den adressa «neitilbom.com». På nettsida informerer dei mellom anna om kva aktivitetar som er under planlegging.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




