Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Øystein sette ny løyperekord

Del | |
LINDÅS: Det skal meir enn striregn og juleflesk til for å stoppa ekte sprekingar. Øystein Sylta vann årets romjulsløp tysdag med god margin, og knuste løyperekorden. I år hadde han med seg to unge slektningar, Benjamin Sylta Narum og Erlend Vabø.
Publisert 27.12.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Eg vart oppfordra til å knekka løyperekorden, så då måtte eg jo nesten gjera det, seier Øystein Sylta og ler.
Han har ikkje tal på kor mange gonger han har stilt opp i romjulsløpet på Lindås. Det har etterkvart vorte ein kjekk tradisjon. Det same gjeld sigeren. Sylta har vunne år etter år. Likevel har han aldri tidlegare prøvd å slå rekorden i den 3.8 kilometer lange løypa.
Den gamle rekorden vart sett i 1997. Då sprang Kjetil Dynvik frå Voss inn på tida 12,21.
I år sprang Sylta i mål på 11, 52. Dermed slo han den gamle rekorden med god margin.
Ein har tidlegare trudd at løypa  for romjulsløpet på Lindås var noko lengre, men ei kontrollmåling gjort i samband med årets løp viser at rett lengde er 3.830 meter.

Hardkjør
Romjulsløpet er mest for kos å rekna for Øystein Sylta. Han er alt i gang med hardkjøret før den komande sesongen.
? Eg kan kjenna blodsmaken berre med tanken.
Sylta ler litt. Han er ikkje sikker på om han gler seg.
? Det vert garantert knallhard trening. I år vil eg auka treningsmengda og satse på fleire kvalitetsøkter, seier han.
Målet er å pressa tida ned mot 8,30 på 3000 meter hinder. Han håpar også på at han får delta i VM i Japan til hausten.
Friidrettsforbundet har ikkje kunngjort kva tidskrav ein må klara for å koma med til VM i Japan i 2007, men til EM i Gøteborg i haust måtte ein for 3000 hinder koma under 8.35.

Overraska seg sjølv
I alt 172 deltakarar stilte til start i årets romjulsløp på Lindås. Fleire av desse var unge og relativt ferske løparar. Thomas Brakstad (17) overraska både seg sjølv og konkurrentane. Ungguten kom i mål som nummer to etter å ha gjort unna løpet på 14 minutt.
? Det var veldig kjekt. Eg gjorde det mykje betre enn eg venta, seier han og smiler stort.
Brakstad er ikkje med på organisert trening. I staden trenar han saman med ein kameratgjeng på Lindås. Brakstad låg på trygt på tredjeplass i nesten heile løpet. I siste bakken tok han sjansen og sprang seg opp til andreplass.
? Eg kjørte hardt på, men det gjekk fint, seier han.
Andreplassen gjev meirsmak. No vil ungdommen ut og prøva seg i fleire løp.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt