På hengande håret for Austrheim
Endret 20.08.07 10:49
Det kan han og resten av heimelaget trygt slå fast etter ein panisk kamp for å redda alle poenga. Til pause hadde Austrheim kontroll og det som såg ut som ei trygg leiing.
3-0 var fortent nok, ettersom Kvernbit var svært så tannlause i dei avsluttande trekka.
Alt etter tre minuttar hadde Karl Ludvig Daae slått an tonen med 1-0. Han skåra på eit gjennomspel frå Kjetil Haugland.
Terje Håland ordna 2-0 etter 17 minuttar på eit innlegg frå Kjartan Ervik.Vel midtvegs i omgangen hadde heimelaget inne eit mål som vart avblåst for offside. Ein ball i nota som høgst sannsynleg skulle vore godkjend, kom ikkje i protokollen avdi dommaren var for langt borte frå situasjonen. Men like før pause signerte Karl Ludvig Daae sin andre fulltreffar for dagen.
? Fint spelever!
? Me klarer jo ikkje å skapa ein einaste sjanse. Me må jobba meir og gje meir i duellane. Det er jo fint ver til å spela fotball i. Me må I alle høve ikkje reisa heimatt utan å ha prøvd, var meldinga frå tidlegare proff og Brann-.spelar Trond Egil Soltvedt i pausen.
Yngstemann på laget, 16 år gamle Stian Smelvær, var den einaste Soltvedt gav godkjend karakter for innsatsen.
Og Soltvedt og mannskapet gjekk på bana og gjorde eit heilhjarta forsøk, vel vitande om at Brann nyleg var nær ved å rota bort ei 3-0 leiing på Stadion.
Panikk
Gjestane heva både innsats og avslutningar på ein måte som overrumpla Austrheim. Etter kvart kom også reduseringane, 1-3 ved Frode Syslak etter seks-sju minuttar og 2-3 etter 13 minuttar ved Anders Mellingen.
Me har hatt litt«stang ut» denne sesongen, sukka av ein Kvernbit-iinnbyttarane. Frå benken måtte både han og dei andre fortvila over at Kvernbit spelte seg fram til fleire opne sjansar. Både Nils Jøssang og Trond Egil Soltvedt, som gjekk lenger fram på bana, hadde store sjansar. Eit pare skot slo i tverrleggjaren og ut, så innbyttar-benken kan ha rett i at det er «stang ut» for Kvernbit denne sesongen.
Austrheim fekk meir og meir panikk, men slapp med skrekken. Heilt i sluttsekunda går Anders Mellingen sitt skot frå kort hald over. Dermed kan Austrheim pusta letta ut og førebu seg til lokaoppgjer mot Eikanger komande helg.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




