Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

På treningsleir julekvelden

Del | |
 Emil Erstad er blant talenta frå Aks-77 som skal springa på sandstrender på Gran Canaria i romjula.
Publisert 22.12.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Reisetidspunktet er litt dumt. Men så lenge me får trena under slike forhold er det ingen som bryr seg om det, seier trenar Svein Hjelle.
Han tek med seg tre unge talent til Mas Palomas på øya vest for Afrika. Femten år gamle Emil Erstad skal trena for å verta endå raskare på mellomdistansane. Det same skal sytten år gamle Bjørn Inge Dyrkolbotn. Kim Gripsgård, også sytten år, satsar på 200, 400 og 800 meter.
? Det er kring 20 grader der no, og det er heilt perfekt, seier Hjelle.
På Gran Canaria vil dagane byrja med ei roleg treningsøkt klokka ni, gjerne med springing på sandstrand. Om ettermiddagen vert det ei ny økt, vekselsvis hard og lett annankvar dag. Slik skal dei unge talenta få skikkeleg trening også på ei årstid der forholda i Nordhordland ikkje er dei aller beste.
? Det er verkeleg flotte forhold der, seier Svein Hjelle, som tek med seg utøvarane heim 7. januar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt