Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Pærebrann også på Kaland

Del | |
AUSTRHEIM: Pærebrann har spreidd seg til Kaland, har Mattil-synet fått stadfesta. Men innan i går såg frukttre ut til å ha gått klar. (Foto: Beate Blytt)
Publisert 14.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det var ein prøve tatt frå bulkemispel torsdag i førre veke som viste seg å vera positiv, opplyser inspektør Beate Blytt
Stadfestinga kom frå Bioforsk på Ås, som analyserer prøvar Mattilsynet tek. Blytt har det for tida travelt med å undersøkja lokale mistankar om angrep av pærebrann, som kan spreia seg svært raskt.

Ta berre kontakt
? Mange har tatt kontakt etter oppslag i lokalpressa, og det er berre bra. Me vil undersøkja alle mistankar me rekk over, seier Blytt.
Mattilsynet har innført forbod mot å flytta bikubar inn og ut av kommunane i Nordhordland. Bulkemisplar må fjernast, uansett om dei er angripne eller ikkje.
? Hageeigaren på Kaland er innforstått med at misplane, som står som hekk, må fjernast, seier Beate Blytt. I går undersøkte ho fleire mistankar i Austrheim og følgde opp opprydding etter tilfellet av pærebrann på misplar i nærleiken av Austrheim kyrkje.
? Pærebrann spreier seg oftast med bier, men og med andre insekt. Plantesjukdomen kan også spreia seg med hagereiskapar og sjølvsagt via avleggjarar, påpeikar Blytt.
Så langt har det ikkje kome melding om angrep på frukttre i Nordhordland, opplyste ho ved 12.30-tida i går.

Ved Sæbø kyrkje?
Folk med god fagkunnskap meiner at Sæbø kyrkje har ein bulkemispelhekk på eine sida. Dette vil verta nærare undersøkt.
? Eg har ikkje fagkunnskap på dette området. Men er det slik mispel ved kyrkja, må me ta ansvar for det og få den fjerna, uttalte kyrkjeverje Meinert Helland i går. Etter tips frå Strilen melde han frå til Mattilsynet og avventa ein kontroll i regi av deira fagfolk.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt