Parkeringplass snudd tilbake
Endret 20.08.07 10:49
? Når me såg at endringa me gjorde ikkje fungerte, valde me å snu parkeringsplassen tilbake til om lag slik han var tidlegare, seier senterleiar Tor Ryland til Strilen. Han fortel at senterforeininga heile tida har hatt ein god dialog med Meland kommune om saka.
Kaotiske tilstandar
Strilen skreiv om saka 1. oktober etter ein perioden med klager og litt kaotiske tilstandar på parkeringsplassen. Det oppstod til dømes ofte små trafikkorkar når bilane skulle inn og ut frå parkeringsplassen. Det hadde og vore eit par tilfelle med småbulking av bilar. Endringa var i første omgang gjort for å rusta opp parkeringsplassen i samband med at Frekhaug senter vart vald som 1000-års stad. Planen var å laga ein meir framtidsretta og miljøvenleg parkeringsplass. Men endringa førte altså til at plassen fungerte dårleg som det han først og fremst skulle vera ? ein stad der folk kunne parkera bilane sine medan dei handla.
Endra tilbake
? Den gongen plassen vart endra hadde me med ein klausul om at me måtte gå tilbake dersom det nye opplegget ikkje fungerte. Det er nettopp det me no har gjort, seier Ryland.
Han synest ikkje det er eit problem å gå tilbake på ting dersom noko ikkje fungerer, og håpar no at folk vert meir nøgde. Endringa tok litt tid, då dei var avhengige av veret. Han seier ein ikkje kunne gjera dette arbeidet med alt regnet som kom tidlegare denne månaden. Talet på parkeringsplassar har også auka litt no, til om lag 85 plassar.
Kundane nøgde
Strilen møtte fredag fleire personar på Frekhaug senter som gav uttrykk for at dei er svært nøgde med at parkeringa no er endra tilbake.
? Endeleg. Dette er veldig mykje betre enn slik det var for litt sidan, seier Lillian Husebø.
Reidar Mjåtveit er einig. Han brukar å vera innom senteret nesten kvar dag.
? Eg hadde ikkje direkte problem med slik det var, men det var litt vanskeleg å koma seg ut frå parkeringsplassen. Slik det har vorte no er i alle fall mykje betre, seier han.
Klagar på parkering
Stilen kjenner elles til at det har vore litt klagar på at tilsette brukar parkeringsplassen på senteret medan dei er på jobb.
Det står skilt ved hovudparkeringsplassen at ein kan stå der maks tre timar.
Ryland seier at dei arbeider med å få tilsette i senteret til å bruka andre parkeringsplassar medan dei er på jobb.
Det vil og om kort tid koma fleire parkeringsplassar der folk kan stå litt lenger, blant anna bak Lingjerde-bygget. Den store parkeringsplassen er til for folk som skal handla i senteret eller få utført tenester der, seier han.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




