Parkeringshus opnar for ny senterutviding
Endret 20.08.07 10:49
Dette fortel Olav Kåre Vatnøy og Oddvar Rune Villanger i det nyoppretta selskapet Knarvik Senterutvikling AS.
Dei reknar med at prosjektet kjem på rundt 60 millionar kroner.
Start neste år
Vatnøy, som er styreleiar i Knarvik Senterutvikling, fortel at dei har hatt god kontakt med Lindås kommune som eig tomta. Denne er sett av til parkeringsføremål i kommuneplanen. Eit parkeringshus like ved den nye rundkjøringa opp til senteret, meiner Vatnøy er heilt ideelt.
? Me har håp om å kunna setja spaden i jorda i løpet av neste år, seier han, men presiserer at dette er avhengig av mellom anna saksbehandlingstida.
Han seier dei ikkje har avtalar med nokon daglegvarekjede enno, men at ein butikk med eit ferskvaretilbod er noko dei ønskjer til senteret.
Opnar for utviding
Vatnøy og Villanger seier at manglande parkeringsplassar i dag er det som hindrar Knarvik Senter i å veksa vidare. No når dette kjem på plass, vil mykje liggja til rette for ei større utbygging i senteret.
? Det er stor interesse for å etablera seg i Knarvik Senter, og det er i dag bedrifter som står på venteliste, seier Vatnøy.
Potensialet for utviding i senteret er stort, påpeikar Vatnøy og Villanger.
Mellom anna kan dette skje ved å byggja i høgda.
Men så langt har manglande parkering vore avgrensinga. Men ved å auka talet parkeringsplassar med 600 frå dei frå dei rundt 720 i dag, vil mykje vera løyst. I dag er det 28.000 kvadratmeter næringsareal i Knarvik Senter.
Eitt parkeringshus til
Ved den andre planlagde rundkøyringa, der som innkjøringa til senteret er i dag, er det og planar for eit parkeringshus. Men Vatnøy seier at dette må koma litt seinare.
Med det nye vegsystemet vil folk få tilgang til senteret frå to innkjøringar. Desse rundkjøringane er tenkt finansiert gjennom den bompengefinansierte Nord-hordlandspakken.
? Kva om pakken ikkje vert vedteken?
? Då finn me nok ei løysing, seier Vatnøy.
Dei planlegg altså å byggja parkeringshuset uansett. Parkeringshuset er så langt tenkt med tre etasjar under bakken og to over.
På den måten vil det ikkje ruva i landskapet i Knarvik.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




