Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Parkeringstrøbbel på Frekhaug

Del | |
MELAND: Det er kaotiske tilstandar på parkeringsplassen på Frekhaug senter etter at plassen vart opprusta og parkeringsmønsteret endra. Øystein Monsen er ein av kundane som fortvilar.
Av
Publisert 21.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:48
Til tider dannar det seg reine trafikkorkar når folk skal ut, inn og parkera på same tid. Det har også vore noko småbulking av bilar. Det var ikkje spesielt mykje trafikk i senteret då Strilen var på staden torsdag ettermiddag. Men ein kunne likevel sjå at trafikken stoppa opp og fleire bilførarar måtte gjera litt kreative manøvrar for å koma seg ut og inn av parkeringsplassen. Ei av endringane som er gjort er at parkeringsfelta er snudd motsett veg enn tidlegare.

1000-års stad

Frekhaug senter vart vald som 1000-års stad i Meland, og endringane er gjort i samband med dette.
? Me ville endra parkeringsplassen frå å vera ein grå, trist plass, til ein fin plass med plantar, farga gangfelt og ein scene. Planen var å laga ein miljøvenleg og framtidsretta plass. No i ettertid ser me at området er for lite til desse planane, seier senterleiar Tor Ryland.
Tanken med endringane var altså dei aller beste, men det viser seg at det ikkje vart særleg praktisk. I tillegg til det estetiske vart endringane gjort for at nokre av butikkane skulle få betre parkeringstilhøve. Det er Frekhaug senterforeining som har ønskt endringane, men Meland kommune har som eigar av plassen vore med i planlegginga.

Betre før

Ryland mottek dagleg reaksjonar frå folk som meiner det var betre før. Alt måndag vil to av trea på parkeringsplassen verta fjerna for å laga betre plass. Ryland fortel at dei og må gjera andre endringar, og at dei om kort tid skal ha møte om dette med kommunen. Blant anna skal køyreretninga merkast med pilar. Ryland er og usikker på om dei skal halda på gangfeltet gjennom parkeringsplassen. Dette vert i dag like mykje brukt av bilar som av gåande. Fjernar ein gangfeltet vert det betre plass. Men scena på Torgplassen mellom REMA 1000 og det andre forretningsbygget ? det vil han halda på.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt