Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Pendlar-aksjon mot «somleruter»

Del | |
Frå i sommar har Tide sine bussar til og frå Nordhordland teke opp intern-passasjerar i Bergen og Åsane. No vil pendlarforeininga aksjonera, poengterer Marie Morken.
Publisert 30.07.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me kan ikkje roleg sitja og sjå at busstilbodet for oss som reiser dagleg mellom Nordhordland og Bergen, vert dårlegare, seier Marie Morken, leiar i pendlarforeininga i Nordhordland, til Strilen.
Etter at HSD og Gaia gjekk saman til selskapet Tide i vår, er det same selskapet som har konsesjon på busstransporten både i Bergen, Åsane og Nordhord-land.
Og frå i sommar har Tide begynt å reklamera med at folk som skal reisa internt i Bergen og Åsane, også kan ta bussane som går til og frå Nordhordland. Kjekt for dei, men ikkje like kjekt for dei som reiser mellom Nordhordland og Bergen. No stoppar dei fleste bussane for lokale reisande på heile strekninga. Dermed vert reisetida lenger.
? Eg tok bussen frå Flatøy til Bergen ein søndag. Det tok meg ein time, og eg gjer det aldri igjen, seier Marie Morken.
Ekstra fortærande tykkjer Morken det er at dei om reiser internt i Bergen, berre betalar 23 kroner uansett kor lengt dei reiser. Men straks du kryssar Nordhordlandsbrua, er taksten meir enn det doble.

Vil gjera noko
Marie Morken fortel at ho har fått reaksjonar på det nye opplegget frå fleire. Ho seier styret i pendlarforeininga i Nordhordland kjem til å ta saka opp når ferien er over.
? Her vert folk oppmoda om å reisa kollektivt, og så vert tilbodet dårlegare. Eg fryktar at folk vert så irriterte over dei nye «somlerutene» at dei begynnar å køyra eigen bil. Og då får du dei aldri tilbake på bussen! påpeikar Morken.
I dag er det berre ekspressrutene som ikkje tek opp reisande internt i Bergen og Åsane.
? Desse rutene går berre på enkelte avgangar i rush-tida, og ofte er bussane så fulle at folk ikkje får plass og må ta dei vanlege rutene, seier Morken.

Dårleg materiell
Morken meiner og at bussmateriellet som trafikkerer mellom Nordhordland og Bergen, har vorte dårlegare. Seta kan ikkje regulerast, og lufting på varme dagar er nesten umogeleg, seier ho.
Ho fryktar at krav om å gje rimelege anbod har gått ut over materiellet.
? Me vil ikkje berre ta saka opp med Tide, men og med fylkeskommunen, som fastset anbodsvilkåra for busselskapa, seier Morken.
Også på Osterøy er det starta ein pendlaraksjon mot det nye ruteopplegget, og Morken seier dei vil ta kontakt med dei for eit samarbeid.
Viss det ikkje vert ei endring i opplegget, fryktar Morken at det vert mange som vel bort bussen og køyrer eigen bil.

Parallellkøyring
Strilen har ikkje vore i kontakt med Tide i saka. Men til Bergens Tidende seier viseadministrerande direktør Frank Aadland at han forstår kritikken. Men samstundes må Tide unngå parallellkøyring for å gje flest mogelege bussruter for minst mogeleg pengar, seier han.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt