Pendlarar kan jubla
Endret 20.08.07 10:49
Samferdselskomiteen i fylket vedtok onsdag at prisen for periodekort mellom Nordhordland og Bergen skal reduserast med førti prosent frå nyttår. Ordninga skal fungera som eit prøveprosjekt frå 1. januar 2005 til 1. juni 2006. I dag kostar eit periodekort på strekninga Knarvik eller Frekhaug ? Bergen 1050 kroner, etter nyttår vert prisen 630 kroner.
? Dette viser at me meinte alvor når me lova å gjera noko
med kollektivtilbodet når brua vart gratis, seier Pål Kårbø, fylkespolitikar
for KrF.
Internt i fleirtalskoalisjonen i fylket er det KrF som har
vore pådrivar for å få redusert taksten mellom Bergen og Nordhordland. Med
Grethe Lunde og Pål Kårbø i spissen har partiet fått med seg dei to andre
partia (Høgre og Framstegspartiet) på å sponsa dei bussreisande litt for å
redusera talet på privatbilar.
Førti prosent uansett
Kårbø tolkar vedtaket i samferdselskomiteen slik at prisen
på periodekort skal reduserast med førti prosent av heile prisen på kortet,
anten ein no reiser frå Manger eller Knarvik og til Bergen.
? Det må verta slik at alle som brukar periodekort og reiser
over Nordhordlandsbrua får redusert prisen på kortet med førti prosent, seier
Pål Kårbø.
Akkurat dette var ikkje nøyaktig sett opp i gårsdagens
vedtak i samferdselskomiteen, men Kårbø meiner at førti prosent rabatt uansett
lengde på reisa må vera det rette.
? Det kan ikkje vera slik at ein som reiser frå Manger og
til Bergen berre skal få førti prosent reduksjon på strekninga Knar-vik-Bergen,
seier Kårbø.
? Flott med reduksjon
Arvid Monstad frå Vollom brukar ofte å køyra med privatbil
til Knarvik, og tek så bussen derifrå til Bergen. Rutene til og frå Vollom
passar ikkje så godt med arbeidstida.
? Har du vurdert å køyra privatbil heilt til Bergen når brua
vert gratis?
? Nei, eg hadde nok teke bussen uansett, bortsett frå
enkelte gongar. Men denne prisreduksjonen på periodekortet var jo veldig flott,
seier han.
Vedtaket i samferdselsutvalet var samrøystes.
Torsdag skal saka opp i fylkesutvalet, men så lenge ingen
ombestemmer seg over natta skal det gå greitt å få vedteke prisreduksjonen også
der.
Helst fleire med buss
Prøveprosjektet startar samstundes med at det vert gratis å
køyra over Nordhordlandsbrua, og skal vera med på å motverka at alle som i dag
tek bussen skiftar over til privatbil.
? Om dette prøveprosjektet går bra, vil det verta
vidareført, seier Pål Kårbø.
Helst skal ein få fleire til å reisa kollektivt, slik at
ikkje det vert kø av arbeidspendlarar på vegen til Bergen. Men Kårbø vil ikkje
seia no kor mange fleire som må ta bussen.
? Eg vil ikkje setja noko krav om 36,9 auke her, seier han.
Om tiltaket gjer at fleire tek bussen, kan det verta aktuelt
å redusera prisen på periodekort også på andre strekningar. Askøybrua vert
nedbetalt i 2006, og også der ventar ein auke i privatbilismen. Også i retning
sør frå Bergen, mot Os, er det aktuelt med redusert pris på periodekort dersom
dette slår an i Nordhordland.
Ramme på to millionar
Det er rekna ut at det vil kosta kring 1,5 millionar å
redusera prisen på periodekorta mellom Nordhordland og Bergen med førti
prosent. No legg ein opp til å setja av to millionar til prosjektet, slik at
det vil stå pengar klar dersom prøveprosjektet skal vidareførast etter 1. juni.
Pål Kårbø er sjølv ein av mange som bur i Nordhordland og
har arbeid sørom fjorden. Men han brukar bilen til og frå.
? Eg køyrer, så dette er ikkje noko eg har gjort for meg
sjølv, seier han med eit smil.
Men om ikkje takstreduksjonen gjev innsparingar i lommeboka,
kan det gje mindre kø på vegen til arbeid.
? Om me ikkje hadde fått til dette, ville det verta spanande
å sjå kva som ville skjedd etter nyttår. Når det er kø startar det gjerne i
Eidsvåg, og sjølve flaskehalsen er inne ved Helleveien, like ved Sandviken
sjukehus, seier Kårbø.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




