Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Pengane rullar inn ? og Modalen får slott!

Del | |
Lokalpolitikarar som knip ned på utgiftene og klagar på dårleg økonomi, kan etter kvart få litt forklaringsproblem! 2006 vart i alle høve eit jubelår for fleire kommunar i Nordhordland. 
Av
Publisert 16.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Etter fleire år i minus har Lindås ikkje vore i nærleiken av det resultatet ein får for 2006. Netto driftsresultat hamnar på nesten 30 millionar kroner
? Det er klart at det er hyggeleg. Dermed kan me også tilbakeføra ein del pengar som er lånt frå fond, seier rådmann Øistein Søvik.
Ikkje alle tal er heilt på plass, men tal Strilen henta inn i går viser at fleire av kommunane i Nordhordland og Gulen hadde eit jubelår i fjor. Netto driftsresultat hamnar på kring 75 millionar kroner for dei åtte kommunane. For fleire gjev dette ein margin på drifta på over tre prosent.
Men for nokre av kommunane vert overskotet noko mindre, avdi dei har tidlegare års underskot er dekka. Det gjeld blant anna Austrheim, Gulen og Meland.

Formidabelt
? Modalen sitt driftsresultat er berre heilt formidabelt og det beste nokon gong, seier kommunekasserar Magne Verpestad.
? Blant anna har eigedomsskatten auka kraftig, til over 13 millionar kroner, seier Verpestad.
Når pengane rullar inn, er det heller ikkje til å undrast over at Modalen ser seg råd til å investera i flotte byggverk, faktisk eit lite slott!  Kulturhuset som kjem på Mo, får namnet «Bryggjeslottet». Momskompensasjon for denne investeringa slå også positivt ut i rekneskapen for 2006.
God skatteinngang
God skatteinngang og gode rammetilskot frå staten. Det viser dei fleste økonomisjefane til når dei skal forklara dei gode tala.
Økonomisjef Sveinung Kvamme er ein av fleire som også rosar etatane for å halda strame rammer.
? Driftsutgiftene er i stor grad i tråd med budsjett, seier Kvamme. Radøy er ein av kommunane som no kvittar seg med underskot frå tidlegare år.
Fedje har hatt god kontroll med økonomien dei siste åra og kjem ut i pluss også i 2006, med 1,3 millionar kroner. Også Masfjorden har «full kontroll» med ein pluss på fire millionar kroner, grunna god skatteinngang og ekstra konsesjonskraftinntekter.

Ikkje flotta seg
Gulen, Meland og Austrheim er blant kommunane som har streva med underskot, men som no kan glede seg over meir romsleg økonomi.
God skatteinngang gjer at Gulen kvittar seg med siste rest av oppsamla underskot, fire millionar kroner. Ved utgangen av 2002 var dette underskotet på heile 17,2 millionar, noko som har ført til svært tøffe kutt i Gulen siste åra.
No antydar rådmann Harald Haugejorden ein liten pluss også etter at underskotet er dekka inn. Det gjer at kommunen kan koma ut or ROBEK-registeret og dermed få mindre statleg innblanding i til dømes låneopptak.
Austrheim går også ut med overskot, men økonomisjef Kjell Mongstad åtvarer sterkt mot å løysa for mykje på livreima.
? Me ser ut til å enda med ei resultat på pluss 5-6 millionar kroner. Dermed dekkar me som planlagt inn fire millionar av oppsamla underskot og får litt til overs. Men me har enno 2,5 millionar att i oppsamla underskot. Dessutan er me blant dei kommunane som går over 10 prosent auke i skatteinntekt. Dermed misser me fire millionar frå staten i 2008. Så det er ingen grunn til å flotta seg, synest Mongstad.
Heller ikkje økonomisjef Kjell Hjertås i Meland jublar høgt.
? Meland hadde eit netto-resultat på kring åtte millionar kroner, men det aller meste går med til å dekka tidlegare underskot, seier Hjertås. Og framleis står Meland til rest med over 6 millionar i «gamle synder».
? Dessutan ligg det an til nullvekst i skatteinntektene i 2007 avdi skatteøret til kommunane er sett ned, påpeikar Hjertås.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt