Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Piggane ute mot ny avgift

Del | |
Alle som passerer grensa til Bergen med piggdekk frå onsdag, må betala avgift.? Men kvifor skal me måtta betala piggdekkavgift i Bergen? spør tilsette hos Rolls-Royce på Hordvikneset. Folk som bur i Nordhordland og jobbar der, må betala avgift trass i at dei berre køyrer nokre kilometer i Bergen kommune.? Me lagar ikkje ureining i Bergen sentrum, påpeikar Harald Sætre, Oddvar Opdal og Geir Ove Pletten. Dei håpar på ei omlegging av avgifta, men tvilar på at det skjer.
Publisert 30.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Hadde avgifta skulla gjelda innanfor bompengeringen i Bergen, så kunne eg forstå det. Men at me, som berre køyrer nokre kilometer inn i Bergen kommune, skal måtta betala denne avgifta, er ganske surt, seier Harald Sætre til Strilen.
Han bur på Sætre på Radøy, og vegane der er slik at han treng å bruka piggdekk.
Og Sætre har ikkje vanskar med å få oppslutning om dette synet hos andre som jobbar på Rolls-Royce på Hordvikneset.

Ikkje strøtt
? Eg bur på Lygra, og på vegane dit kan det vera så som så med både brøyting og strøing, seier Geir Ove Pletten.
Også Oddvar Opdal, som bur i Knarvik, vert ramma av den nye avgifta på 1200 kroner i året.
? Dette har vore mykje omsnakka på jobben her, og alle tykkjer det er trasig å måtta ut med desse kronene, men det nyttar vel ikkje å protestera heller, sukkar Sætre.
Men han tykkjer at dei som innførde denne avgifta, kunne tenkt litt meir gjennom ting før dei sette ho i verk.
Berre hos Rolls-Royce på Hordvikneset jobbar det opp mot 150 personar som bur på nordsida av fjorden, og ein god del brukar piggdekk.

På hytta
Torgeir Nordland jobbar også på Hordvikneset. Han bur i Knarvik og treng ikkje piggdekk på bilen for å køyra på jobb.
?  Men me har hytte i Andvik i Masfjorden, og  der er me ofte. Der inne er vegane slik at me treng piggdekk, seier han.
Difor pungar han ut med dei 1200 kronene til Bergen kommune, men tykkjer det er urettvist.
? Avgifta er innførd for å betra miljøet i Bergen sentrum, og den vesle turen me køyrer her ute, påverkar ikkje det, seier han.
Han tykkjer og at avgifta kunne vore innførde gradvis, slik at dei som har nye piggdekk, kunne få slite dei ut.
Dei som arbeider på Hordvikneset, køyrer vel seks kilometer kvar veg innanfor bygrensa, målt frå midten på Nordhordlandsbrua.

Kan ikkje handheva
Det er Bergen Parkeringsselskap som har fått ansvaret for å krevja inn den nye piggdekkavgifta som politikarane i Bergen kommune har innført frå 1. november. Det er også parkeringsvaktene som skal sjå til at bilistane som køyrer innanfor kommunen sine grenser med piggdekk, har betalt avgifta, enten i form av ei eingongsavgift på 1200 kroner året, eller som oblat pr. dag til 30 kroner.
? Her er rimeleg hektisk for tida, og me har masse å gjera med å svara på spørsmål og senda ut oblat og rekningar, seier Bjørg Hatlem, som er direktør i parkeringsselskapet, til Strilen.

Ikkje meir folk
Hatlem fortel at parkeringsselskapet så langt ikkje har fått oppretta nye stillingar, verken for å administrera den nye avgifta, eller til folk som skal kontrollera at avgifta er betalt.
? I  kontrollarbeidet vil me og få assistanse frå politiet og folk frå Statens vegvesen, seier ho.

I Vågsbotn
Den næraste automaten for sal av dagsoblatar, skal stå i Vågsbotn i Åsane. Fleire Strilen har vore i kontakt med, lurer på om dei risikerer noko viss dei køyrer dit og kjøper oblat.
? Vil dei verta kontrollerte mellom Klauvaneset og Vågsbotn?
? Eg trur sjansen for det er ganske liten, seier Hatlem, men viser til at oblatar også kan kjøpast på internett og via SMS.
Elles vert oblatane selde på Statoil sine bensinstasjonar, men ein slik finst ikkje i Knarvik eller på Frekhaug. De næraste er på Eikanger eller Hope i Lindås, viss ein ikkje tek sjansen på å køyra til Helleveien i Bergen.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt