Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Planlegg for 10.000 innbyggjarar

Del | |
MELAND: Mellom 10.000 og 12.000 innbyggjarar i Meland kommune kan verta resultatet dersom det kjem bustader på alle tomtane som er regulert eller er på planstadiet.
Publisert 26.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Truls Folkestad og Sveinung Toft er dei to i Meland kommune som har arbeidd med plan- og byggjesaker. Ein oversikt Folkestad har laga viser at det er snakk om over 2.000 nye bustader, dersom det vert hus på alle tomtane som er regulert eller det er planar om å regulera. Med 2,5 menneske i kvart hus, kan dette altså bety 5.000 nye innbyggjarar i Meland, altså nær ei dobling i høve i dag.

Forsiktig anslag
? Dette er eit forsiktig anslag, seier Folkestad, og viser til at dei har medrekna rundt 400 bustader i Midtmarka på Flatøy. Planane til utbyggjarane går på det doble i dette området. Men det kan og henda at politikarane ikkje vil godkjenna nye bustader i det heile i Midtmarka, då det også er sterke friluftsinteresser i dette området.
? Talet på 2000 nye bustader kan virka litt overveldande, men dersom utbyggingstakten vert styrt til dømes over 20 år, vert det meir handterbart, seier Sveinung Toft.
For det er ikkje berre for politikarane å seia ja til all utbygging. Dei må og syta for at det er nok plass på skulane og i helseføretaka. Infrastruktur som vegar med vidare, må også vera god nok til å takla ein så stor vekst.

Styrt utbyggingstakt
Dersom det er snakk om 10.000 nye innbyggjarar, og denne veksten vert fordelt over 20 år, er det snakk om ein årleg auke i innbyggjartalet på rundt 250. Det er meir handterbart, meiner Toft. Det er opp til politikarane om og eventuelt korleis dei vil styra utbyggingstakten.
Toft påpeikar elles at det ikkje berre er å starta utbygging, og så rekna med at folk flyttar til Meland.
? Enkelte ekspertar reknar at folketalet i Bergensregionen vil auka med rundt 70.000 dei neste 20 åra, og at rundt 40.000 av denne veksten vil koma i Bergen. Då står det i så fall igjen 35.000 innbyggjarar som skal fordelast på kommunar som Meland, Lindås, Askøy, Fjell, Os og alle dei andre kommunane i denne regionen. Det spørs då om ein klarar å få heile 5.000 av dei til å slå seg ned i Meland, seier Toft.
Korleis vegsambanda mellom Bergen, Os og Fjell kjem til å sjå ut i framtida, vil og påverka kvar folk vil velja å slå seg ned, meiner dei to byråkratane.

Ei byggjesak om dagen
Folkestad og Toft har hatt nok å gjera det siste året. I fjor vart det meldt inn 240 nye byggjesaker, slik at dei i snitt har måtta behandla minst ei byggjesak kvar arbeidsdag. I tillegg kjem altså arbeid med reguleringsplanar, saksutgreiing til politiske møte og mange som kjem med spørsmål. Dei to er difor glade for at dei stort sett har klart å halda fristen på tre veker for behandling av byggjesaker.
? Og det vert endå meir arbeid i dei tre åra som kjem. Me ventar på mellom fem og ti nye reguleringsplanar dei neste tre åra, seier Folkestad.
Behandling av ein reguleringsplan tek frå mellom seks månader og opp til to år, alt etter kor mange merknader som kjem inn, og etter kor omfattande og kompliserte sakene er.
Rekorden når det gjeld behandling av ein reguleringsplan, var reguleringsplanen i samband med utbygginga til Frank Mohn AS på Hjertås. Den gjekk gjennom på to-tre månader, seier Toft.
Folkestad hadde siste arbeidsdag i Meland kommune i går. Han skal byrja hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Toft tek då over ansvaret for plansakene, og det vert tilsett ein ny person i Toft si noverande stilling.


Byggjeområde for bustader i Meland kommune. Status per januar 2007.
Byggjeområde Planstatus Utbygg.status Potensiale Bustadmasse
Husebø, regul.krav, ikkje påbyrja, 10, eineb.
Sætre, gk. plan, påbyrja, 10 eineb.
Naustvika, gk. plan, ikkje påbyrja, 4, eineb.
Vikebø/Ryland, under. reg., ikkje påbyrja, 350, eienb./fleirm.
Beitinga, gk. plan, påbyrja, 30 eineb./fleirm.
Mongsedalen, gk. plan, påbyrja, 4, eineb.
Mjukebakk, gk. plan, påbyrja, 4, eineb.
Holmeknappen, gk. plan, påbyrja, 6 , eineb.
Home, gk. plan, ikkje påbyrja, 8, eineb.
Holmemarka aust, gk. plan, påbyrja, 125, eieb./fleirm./blokk
Mjåtveitmarka, under reg., ikkje påbyrja, 325, eieb./fleirm./blokk
Løypetona, under reg., ikkje påbyrja, 120 eineb./fleirm./blokk
Elvavegen, reg. Krav, delvis påbyrkja, 20, eineb./fleirm.
Markavegen, gk. plan, delvis påbyrja, 38, fleirm./blokk
Frekhaug senter nord B2, gk. plan, påbyrja, 70, fleirm.
Frekhaug senter nord B1, gk. plan, ikkje påbyrja, 40, blokk
Frekhaug senter forretningsområde, planendring, delvis påbyrja, 50, blokk
Langeland, gk. plan, påbyrja, 23, eiebust.
Tua, under regulering, ikkje påbyrja, 10, einebust./fleirm.
Hatleberget, under reg., ikkje påbyrja, 130, einebust./fleirm./blokk
Sundet, under reg., ikkje påbyrja, 60, eineb./fleirm.
Litlebergen, under reg., ikkje påbyrja, 50, einebust/fleirm.
Midtsundet, under reg., ikkje påbyrja, 10, einebust./fleirm.
Moldekleivm., gk. plan, delvis påbyrja, 60, einebust.
Flatøy aust, gk. plan, delvis påbyrja, 30, einebust.
Midtmarka, under reg., ikkje påbyrja, 400, fleirm./blokk


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt