Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Planlegg kyrkje på Frekhaug

Del | |
MELAND: Meland kommune er i gang med å leita etter tomt til kyrkje på Frekhaug.
Publisert 05.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me veit ikkje kva tid me får råd til å byggja ny kyrkje, men no kan me få på plass tomta, seier ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik.
? Dette var gledeleg, seier kyrkjeverje Nina Brakstad.
Kommunen reknar med at ei ny kyrkje vil kosta 35 millionar kroner. Og desse pengane har ein førebels ikkje funne. Men formannskapet vil setja av ein million kroner i 2008. Pengane skal gå til å planleggja ei ny kykje, og aller helst å få på plass ei tomt. Tanken er å plassera kyrkja mest mogleg sentralt i Frekhaug-området.

Nær senteret
? Soknerådet ønskjer at kyrkja skal koma nær senteret, seier  Brakstad.
Soknerådet har sett på to tomter. Den eine ligg på Langeland, på oppsida av vegen forbi Frekhaug senter. Den andre tomta ligg på ein høgde bak Meland arbeidssenter. Målet er å få eit bygg som ligg meir sentralt plassert enn den eksisterande kyrkja.
? Det er spesielt at det berre er ei kyrkje i heile kommunen. Og den ligg fem kilometer frå Frekhaug, i eit område med lite folk, seier kyrkjeverja.
Det har vorte vurdert om Meland også burde ha ei kyrkje på Rossland. Men no vert alt satsa på Frekhaug. Der aukar folketalet sterkt, og soknerådet vil gjerne ha ei kyrkje i kort gangavstand frå senteret. Og Nina Brakstad meiner at det absolutt er behov for ei kyrkje nummer to i Meland.
? Me har ein veldig aktiv kyrkjelyd, med relativt god oppslutnad om arbeidet. Og det er veldig mykje ungdom med, seier ho.
Kyrkja skal også tilpassast ungdom. Her vert det tale om ei arbeidskyrkje med mange rom snarare enn eit tradisjonellt kyrkjebygg.
? Me ønskjer at det skal vera ei open kyrkje med mykje aktivitet, og vil helst også flytta kyrkja sine kontor dit, seier Brakstad.
Ho legg vekt på at det er mange barnefamiliar som nyttar kyrkja. Då må eit kyrkjebygg tilpassast born. Ei ny kyrkje opnar for at borna kan vera med på aktivitetar i andre rom heller enn å prøva å sitja stille under tradisjonelle gudstenester.

To kyrkjer
Sjølv om det kjem ny kyrkje i Meland, vert neppe den eksisterande kyrkja stengt.
? Av di gravplassen ligg der, er det naturleg å bruka gamlekyrkja til gravferder. Dessutan vil folk gjerne ha tradisjonelle kyrkjer når dei skal gifta seg, seier Brakstad.
Det er i samband med økonomiplanen for 2006-2010 formannskapet har sett av ein million kroner i 2008. Dei 35 millionane kyrkja kan kosta, er ikkje ført opp. Ein slik sum er ein stor investering for Meland, og det kan dermed gå mange år før eit nybygg eventuelt kjem på plass. Men kyrkjeverja er glad for at den første millionen kjem.
? Dette er det første steget på vegen. Eg trur at det kan utløysa mykje frivilleg innsats, seier Nina Brakstad til Strilen.
Kommunestyret skal 14. juni ta stilling til tilrådinga frå formannskapet.


Tilbygg og asfalt
Formannskapet tilrår å løyva 1,5 millionar kroner neste år til eit tilbygg til den eksisterande kyrkja. Bygget skal mellom anna nyttast til barne- og undomsarbeid. Politikarane vil same år bruka 100.000 kroner til asfaltering av parkeringsplassen ved kyrkja, og 250.000 kroner til å måla kyrkja utvendig. Formannskapet vil dessutan setja av 800.000 kroner i 2007/2008 til ein driftsbygning med toalett ved gravplassen.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt