Planlegg nytt bom-prosjekt
Endret 20.08.07 10:49
Den undersjøiske tunnel er tenkt å gå frå Mjølkevikvarden Industriområdet like sør for Herdla til Io i Meland.
Viktig for Nordhordland
? Eit tverrsamband med undersjøisk tunnel frå Meland til nordre Askøy vil vera av svært stor interesse for heile Nordhordland, og det av fleire grunnar, seier Håkon Matre, leiar for regionrådet i Nordhordland.
? Ikkje berre vil det gje ein ytre ringveg som vil gjera avstandane kortare for både næringsliv og trafikkantar, men den er og interessant ut frå sikkerheitsmessige grunnar, i fall om brua skulle bli stengt, sier han.
Matre peikar likevel på at tverrsambandet ikkje kan varta aktuelt før dei to første fasane i Nordhordlandspakken, er på plass.
Toppane samla
Det interkommunale stormøtet på Herdla onsdag, samla dei tre ordførarane frå sotrakommunane. Albrigt Sangolt, Jan Utkilen og Olav Martin Vik. Vidare vegsjef Olav Finne, fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, komitéleiar i Askøy, Asbjørn Pettersen, varaordførar i Radøy Ragnar Floen, varaordførar i Meland Helge Bauge, byråd Hans Edvard Seim frå Bergen, og nemnde Håkon Matre.
Initiativet til møtet kom frå Herdla-mannen Kjell Kristensen, som på 60-talet gjekk i bresjen for å byggja bru til Herdla, og som i byrjinga av 80-talet fekk fart i byggjinga av Askøybrua ved å innføre førehandsbompengar på Askøy-ferjene.
No står den same Kristensen i bresjen for å oppretta eit tverrsamband mellom Nordhordland, Askøy og Sotra, mellom anna ved å føreslå ein undersjøisk tunnel frå industriområdet Mjølkevikvarden like sør for Herdla, over til Meland med veg vidare både mot Radøy og mot Knarvik i sør. Denne ytre ringvegen vil mellom anna bety redusert trafikkbelastning i flaskehalsane i Bergen.
Industriell vekst?
Dei vidare planane innlemmar ei ferje mellom Sotra og Askøy, noko som vil gjere avstandane mellom industriverksemdene på Mongstad og Kollsnes/Sture i Øygarden minimale, samanlikna med dagens omveg om Bergen.
Tanken på dette vart møtt med stor interesse hos samtlege deltakarar, men varaordførar Ragnar Floen i Radøy peika likevel på at det ikkje var nok å byggja tunnel.
? Vegane i Meland og Radøy må og opprustasT til å ta imot den auka trafikken, gjorde han klart.
? Dersom me vil, så får me dette til, slo varaordførar i Meland, Helge Bauge, fast. Han tok til orde for å oppretta eit interkommunalt selskap som skulle føra prosjektet vidare og presentera det for regionråda med tanke på å få det inn i NTP på sikt.
? Eit slikt tverrsamband er særs viktig for utviklinga i heile regionen nord for Bergen, seier han.
Bompengar?
Vegsjef Olav Finne ved Statens Vegkontor avdeling Bergen, meinte planane var positive, men kunne ikkje lova pengar korkje til det eine eller det andre vegalternativet.
? Truleg må det mykje bompengar til i alle dei «vegpakkane» som er lagt fram, men det er positivt at ein no ser at både næringsliv og kommunar slår seg saman i vegspørsmåla, seier han. Finne meinte at det kunne vera lurt å invitera vegkontoret med i eit styre om ein eventuelt vil oppretta eit eige interkommunalt prosjektselskap for sambandet.
600 millionar?
Håkon Matre er med i ein førebels komité som skal føra tverrsambandprosjektet vidare. Ein tanke er å oppretta eit interkommunalt aksjeselskap der alle kommunar og næringsliv i regionen er med.
Byrådsleiar for finans i Bergen kommune, Hans Edvard Seim, var særs oppglødd over planane. Han rådde til at komitéen snarast sendte inn søknad til kommunane om midlar til eit forprosjekt, og meir eller mindre lova på staden å stilla seg positiv til ein slik søknad frå Bergen si side.
Med seg i komitéen fekk Matre varaordførar i Meland, Helge Bauge, ordførarar i Øygarden Olav Martin Vik, initiativtakar Kjell Kristensen Askøy, pluss ein offisiell innvalt representant frå Askøy kommune som kjem til seinare.
Dei totale kostnadane for tverrsambandet med tunnel og vegar på Meland og Radøy er grovrekna til om lag 600 millionar kroner. Truleg må det meste bompengefinansierast, då med eigen bomstasjon ved tunnelopninga til omlag 20 kroner for kvar passering. Tala er framleis veldig usikre. ? Vert det semje om det, vil me kunna få lånefinansiering, og dermed koma fort i gang. Det var nemleg slik me gjorde det på Askøybrua, seier initiativtakar Kjell Kristensen.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




