Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Plukkar bringebær i november!

Del | |
MELAND: Me skriv november og Bjørg Fløysand går i hagen og plukkar ferske bringebær.
Publisert 02.11.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Dei har vorte lurt av eigen natur, seier Bjørg Fløysand og viser veg til fleire bringebærbusker i hagen sin på Walde.
Fire busker ber bær i november, og Bjørg trur nesten ikkje sine eigne auge.
? Dette har aldri skjedd før, eg har ikkje sett liknande, seier ho, som har budd på Holsnøy i 52 år.
I hagen har ho litt jordbær, bringebær, hundar, villsau, lysthus og mykje blomar.
? Alle sommarplantane som no står så fint, burde jo og vore ferdige no. Men dei står like fint, seier ho forundra.
Bjørg hadde alt plukka bringebæra for sesongen, men såg etterkvart at det vaks fram fleire. Det er buskene som skulle bera bær til neste år som no er blitt lurt av varme dagar og sol. Det seinaste ho har funne bringebær i hagen tidlegare, er i september. I september i år plukka ho nok bringebær til å pynta ei heil blautkake.
? Novemberbæra heldt nok berre til eit stykke, seier ho.
Men det er framleis grøne bær og knytingar att, så kanskje ho rekk eit stykke til om sola får varma og snøen let venta på seg.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt