Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Pointer Brothers vann video-konkurranse

Del | |
LINDÅS: To gutar frå Kløvheim og Fammestad fekk for to veker sidan sjå seg sjølve på riksdekkjande TV. Dei vann både t-skjorte og signert cd.
Publisert 20.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det var vel ein idè om å laga musikkvideo som utarta seg når me vart overtrøytte, forklarer Tarjei Hummelsund og Kim Andrè Mørner.
Dei to gutane sin heimesnekra musikkvideo til songen «I?m so excited» av Pointer Sisters vart vist på NRK1. Videoen deira vann nemleg ein musikkvideo-konkurranse på programmet Topp 20.
Dei to kreative gutane kjem saman om lag ein gong i veka for å jobba og formidla film- og musikkidear.  Då dei såg at det skulle vera konkurranse på NRK1 Topp20, fann dei ut at dei måtte melda seg på.
? Det var eigentleg berre for å sjekka om dei viste musikkvideoen vår. Då dei viste videoen, fekk eg latterkrampe, ler Tarjei.
Til vanleg går dei to gutane i tiande klasse på Ostereidet ungdomsskule, der dei også deltek i dramagruppa.

Pointer Brothers
Dei kallar seg Pointer Brothers, eit namn inspirert av Pointer Sisters som har songen «I?m so excited».
Pointer Brothers skulle eigentleg delta i Ungdommens Kulturmønstring, men det måtte dei avlysa to dagar før. Dei fekk rett og slett ikkje tid til å gjera seg ferdige med musikkvideoen. Derimot gjekk alt bra på NRK1 Topp 20.
? Eg synest de er så flinke, og har lagt inn så mykje bra arbeid i musikkvideoen, verkeleg tatt ut, sa programleiaren for Topp 20 då videoen vart vist på NRK1.
Han syntest videoen var så bra at han ikkje fann ord og at den fortente mykje applaus frå publikum.
Musikkvideoen handlar om to tullingar som spring rundt og let som om dei er skikkelege artistar.
? Sånn «wannabe»-opplegg, legg dei to gutane til.
Dei har lagt mykje arbeid ned i musikkvideoen, med bruk av effektar som svart-kvitt bilete og ulike hastigheiter.
Prosjektet var mest tull i starten, men ettersom dei vann på NRK1, har dei bestemt seg for å satsa litt meir.
? Du høyrer ein song, og så kjem ideane, seier Hummelsund.
For tida held Pointer Brothers på med to prosjekt. Førsteprioritet har «An no nym» med melodien frå «Tir na noir». Dette er ein song dei lagar eigen tekst og musikkvideo til sjølve.
? Me skal prøva å få igang eit lydstudio, slik at me kan laga eigen musikk til videoane, seier dei to gutane.
Dei brukar ikkje kameramann. Det fiksar dei sjølve når kameraet står på stativ og dei har fjernkontroll i baklomma.
Redigering gjer dei på datamaskina til Hummelsund.
«Poison» av Alice Cooper er det andre prosjektet som dei skal begynna på når dei har fått det rette utstyret til musikkvideo, blant anna røykmaskin.
Dei held også på med eit samarbeid med ei av Norhordland sine vakraste songstemmer, eit samarbeid som elles er hemmeleg.
Pointer Brothers kjem på absolutt alt sjølve og har ingen problem med idetilfanget.
? Eg har blant anna begynt å skriva ned ideane, noko eg ikkje gjorde før. Eg tenkjer litt meir seriøst no, seier Hummelsund.
Vener og familie synest prosjekta deira berre er kjempemorosame.
? Det er artig at dei synest det. Det inspirerer. Morosamt, seier Pointer Brothers.

Treng sponsorar
I tida framover har Pointer Brothers tenkt å halda fram med filmen. Om dei får utstyr til å laga eigne songar, vil dei og laga musikkvideo til dei.
Sjølve filmlaginga starta med at dei var ganske så overtrøytte. Elles hadde ikkje Pointer Brothers vorte til.
Så klag ikkje for mykje på leggjetida til ungdommane no til dags. Dei kan bli ganske så kreative av det!
? Den mest kreative av dei to  må vera Kim, kjem Tarjei fram til. Kim samtykkjer.
Sponsorar vert etterlyste for å gjennomføra blant anna prosjekt «Poison», der dei manglar noko utstyr.  Det er veldig viktig å få tak i sponsorar sidan økonomien ikkje er den største, understrekar dei.
? Det er ikkje verre enn å ta ein telefon så kan me pratast og forhåpentlegvis bli einige om noko, seier Pointer Brothers, Tarjei Hummelsund og Kim Andrè Mørner.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt