Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Politiet på besøk etter softgun-skade

Del | |
LINDÅS: Her er våpna alle rektorar bannlyser på skulen. Politiet snakka i går med dei involverte etter at ein Knarvik-elev vart skadd av ei plastkule frå ein softgun.
Publisert 09.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Eg trur dei tre gutane  forstod alvoret, seier politibetjent Christian Hilland etter eit besøk på Knarvik ungdomsskule i går. Han informerte også i to klassar om at softgun sjølvsagt aldri må brukast på ein skule.
Hilland påpeikar at aldersgrensa er 18 år og at softgun berre må brukast på lukka og godkjende område.
? Såvidt eg kjenner til, er det så langt ingen slike område i Nordhordland, seier Hilland.
Lindås og Meland lensmannskontor kontaktar også butikken i Knarvik som sel slike våpen. Hilland viser til at dei som sel slike våpen, og må informera om reglar og aldersgrense.

Dispensasjon
Våpna som var beslaglagde, var av merka Huang He, Combatdelta og KWC.
? Våpna er ikkje søknads- eller registreringspliktige. Om ein er 16 år og medlem i ein klubb, kan det søkjast om dispensasjon for kjøp og bruk av slike våpen, opplyser Hilland.
Norges Airsoft Forbund har meir informasjon på nettsida www.nasf.no.
Krafta frå softgun er om lag som for luftgevær.

Reagerte straks
? Det er uråd å gardera seg 100 prosent mot at slike våpen vert tatt med på skulen. Men me kan naturlegvis ikkje ha det slik. Og som rektor reagerte eg momentant då ein elev vart truffen av ei plastkule, seier rektor Helge Brekke.
Det var tre gutar i 9. klasse som hadde med seg softgun på skulen. På grunn av deadline fredag rakk ikkje Strilen å få kontakt med Brekke før episoden vart omtalt laurdag.
Brekke viser til at skytinga skjedde på skuleplassen, ikkje i klasserommet som Strilen hadde fått opplyst.
Guten som vart truffen, går også i 9. klasse. Han fortalde til Strilen at han rakk å lukka att auga før plastkula traff. Elles veit han ikkje korleis det hadde gått. Skulen fekk guten raskt til legevakta.

Alle tilstod
? Guten vart truffen ved 12.30-tida. Lærarar som hadde vakt, oppdaga ikkje noko, seier rektor. Brekke viser til at det ikkje var lett å avdekka kva elevar som var involverte.
? Elevar ønskjer ikkje å angje kvarandre, og ingen melde seg frivillig i første omgang. Men etter nærare samtalar tilstod tre gutar at dei hadde hatt med softgun, seier Brekke. Han går ut frå at alle tre våpna vart nytta.
Brekke legg ikkje skjul på at dette er ein episode han svært gjerne ville vore utan. Men han er glad saka kunne løysast så fort.
? Det er sjølvsagt trist for skulen, for den som vart skadd og for dei som har tatt slike våpen med på skulen, seier Brekke. Den som vart råka, var tilbake på skulen i går.
Brekke seier at det vil gå ut skriv om det som skjedde til alle foreldra. Episoden vil få konsekvensar for dei tre gutane, eit tema rektor også vil ta opp med foreldra.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt