Politisk skepsis til svartmaling i Knarvik
Endret 20.08.07 10:49
Brunborg viser til at kommunen for fleire år sidan arbeidde ut retningslinjer for byggjeskikk. Dei omfattar både plassering i landskapet, materialval og fargeval.
Interpellasjonen viser til at «På Juvikstølen har vi på eit område fått fleire hus som ruvar i himmelsynet. Det vert no sagt at arkitekten firmaet har nytta, har pålagt at husa skal vera svarte i 10 år», skriv Brunborg.
Fritt fram?
Han viser til at husa slik dei er plasserte, laga og farga, vil prega korleis folk opplever Knarvikbygda, sidan husa er ein del av det offentlege rommet.
Brunborg spør om ordføraren synest det er greitt at einskilde entreprenørar og arkitektar fritt skal avgjera korleis bygda skal sjå ut. Og vil ordføraren ta initiativ til at vi igjen ser på retningslinene for husbygging?
Eit råd frå Brunborg er å be om obligatoriske fotomontasjar ved større utbyggingar, eventuelt oppretting av eit fasaderåd. Alternativet, slik Brunborg ser det, kan verta at Knarvik ved vidare utbygging vert ei «leikegrind» for einskildpersonar.
«Naturens eigen palett»
Svaret frå ordførar Tove Linnea Brandvik struttar av byråkratiske tilvisingar til både planverktøy, utbyggingsplan, vedtak i planutvalet og offentleg ettersyn. Det viser til at området arkitektonisk vil verta «ei blanding av materialar som tre, stein og glas i ein moderne komposisjon basert på enkle og knappe detaljar». I fargeval vil ein nytta «naturens eigen palett», frå ubehandla sølvgrå osp til svartbeisa trevirke.
Ein konsulent som vidarefører kommunen sitt estetikkprosjekt, har svart at «fargebruken er grunngjeven». Denne konsulenten synest det ville vera fint å planta til slik at effekten av grunnmur/garasjeanlegg i forkant vert dempa. Og mørke fargar vil generelt tona ned bygningsmassen medan lyse verkar framhevande, er rådet.
Svaret seier lite konkret om representanten Brunborg, som bur i Knarvik, vil få påverka fargevalet på nye prosjekt. Men ordføraren lova at retningslinjer for estetikk og utemiljø skal oppdaterast. Og ho peika på at det vil vera til god hjelp om det ved alle større saker kjem fotomontasjar eller 3-dimensjonale videoar som kan letta vurderingane.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




