Posten fann ikkje Radøy
Endret 20.08.07 10:49
Før jul skulle ordføraren i Meland senda julehelsing til Radøy-ordføraren. På konvolutten stod «Radøy kommune, 5931 Manger». Eit par dagar etter kom brevet i retur fordi adressa var ukjend.
? Det viste seg at me hadde skrive på feil postnummer. Det skulle vera 5936 Manger, og ikkje 5931. Eg forstår at det er viktig å bruka rett postnummer, men i dette tilfellet tykkjer er sant og seia det var noko underleg at dei ikkje skulle få brevet fram likevel. Det står trass alt Manger på brevet, seier Solbjørg Åmdal Sandvik til Strilen.
Ho vil ikkje laga ei stor sak av dette, men vedgår at ho vart litt irritert då brevet kom i retur. Nytt brev med korrekt adresse er sendt.
Beklaga
? I dette tilfellet må eg berre beklaga. Me burde greidd å få fram brevet til adressaten, seier informasjonssjef Eivind Rossen i Posten til Strilen.
Rossen lovar å følgja opp saka internt for å finna ut kva som har gått gale.
Han forklarar at det meste av posten vert sortert maskinelt etter postnummer, og viss det er feil der, kan brevet hamna feil.
Men normalt skal brev som ein ikkje finn adressaten til, verta tekne hand om av personar som skal prøva å finna fram til rette adressat.
Skal fram
? Så det er framleis eit mål for Posten å få posten fram, sjølv om det kan vera feil i adressa?
? Absolutt. Men spesielt no før jul er det mykje post med feil eller mangelfull adresse. Mange brukar gamle adresser og sjekkar ikkje at ho framleis er rett, seier Rossen.
Men både frå erfaringar i Strilen og anna hald kan det verka som Posten er ganske rask med å senda brev i retur viss ikkje adressa er heilt korrekt.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




