Press på Sagstad skule
Endret 20.08.07 10:49
? Sagstad skule får truleg tre førsteklassar til hausten, ein av dei vert bokmålsklassar, seier Arnt Brakstad ved skulekontoret i Meland kommune.
Skulen har i fleire år klart seg med to klassar på kvart steg. Men det vil truleg vera behov for tre førsteklassar både til hausten og i skuleåret 2007/2008.
Utbygging
Innbyggjartalet i Meland veks, og i Frekhaug-området kan det koma ekstra mange nye skuleborn dei neste åra. I 2007 byrjar folk å flytta inn i dei opp mot 60 husværa Walde Byggevare er i gang med på Frekhaug. Det er og planar om storstilt husbygging bak bussterminalen, og det kan koma mange nye husvære på Mjåtveit.
? Dersom det flyttar mange barnefamiliar inn her, vil det auka presset på Sagstad skule. Og der er det ikkje plass att, seier Brakstad.
Det er førebels ikkje fastsett nokon utviding av skulen. Men det er noko kommunen skal sjå nærare på i tida framover. Alternativet er å flytta born over til andre skular, men det er ikkje utan vidare enkelt.
? Til dømes har Vestbygd skule ein klasse for mykje i forhold til kva den er bygd for. Det vil og verta vanskeleg å organisera skuleskyss ved ei slik ordning, seier han.
Til hausten vert det truleg 1003 elevar ved skulane i Meland. Det er rekord.
Vestbygd-elevar til Frekhaug
Elevar frå Vestbygd skule byrjar normalt på Rossland skule når dei tek til på ungdomsskulen. Men frå hausten av kjem ein del til å byrja på Meland ungdomsskule i staden. Årskullet på Vestbygd er rett og slett for stort til at Rossland kan ta i mot dei utan problem. Kommunen har difor spurd foreldre og elevar om nokon frivilleg kan tenkja seg å byrja i ungdomsskulen på Frekhaug.
? Så langt har elleve av elevane gjeve melding om at dei vil byrja på Meland ungdomsskule. Då er problemet løyst, seier Arnt Brakstad i Meland kommune.
På Meland ungdomsskule vert det tre klassar med 23-24 elevar i kvar. På Rossland vert det to klassar som ikkje ligg langt under grensa på tretti elevar. Difor er kommunen open for å gje fleire Vestbygd-elevar plass på Frekhaug.
? Me har ikkje sett nokon konkret frist for kva tid elevane må melda frå dersom dei vil til Meland ungomsskule, seier han.
Tidlegare morgon
Skulevegen vert om lag like lang uansett om dei veljer Rossland eller Meland ungdomsskule. Men bussrutene gjer at elevane på Frekhaug kjem til å merka endringane ? i alle fall om morgonen: Skuledagen på Meland ungdomsskule byrjar frå hausten av klokka 08.20 ? ti minutt tidlegare enn i dag.
? Elevane frå Vestbygd-krinsen kjem truleg til å følgja gymnasrutene. Då er dei på Frekhaug når klokka er vel åtte om morgonen. For at dei skal sleppa å venta så lenge, framskundar me skuledagen. Då vert det og lettare å rekka bussen heim om ettermiddagen, seier Arnt Brakstad til Strilen.
Elevtalet i Meland er generelt på veg oppover. Men Vestbygd-kullet som i haust skal over i ungdomsskulen, er unormalt stort. Difor kan det gå fleire år til det igjen vert aktuelt for Vestbygd-born å byrja på Meland ungdomsskule.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




