Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Protest mot industriområde

Del | |
AUSTRHEIM: Industriområdet i Øksnes må ut av kommuneplanen for Austrheim, krev Naturvernforbundet i Nordhordland.
Publisert 26.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Fristen for å koma med merknader til kommuneplanen for Austrheim gjekk ut 20. oktober. Naturvernforbundet i Nordhordland er mellom dei som har kome med merknader. Dei meiner at miljøprofilen i planen er god på mange område, men reagerer veldig negativt på industriområdet ved Øksnes.
? Dette området var regulert som næringsområde for mange år sidan, og er berre vidareført i denne planen, seier rådmann Jan Olav Osen.
Han ønskjer ikkje å kommentera enkelte merknader til planen no, men vil leggja fram merknadene i samband med at politikarane skal ta stilling til planen i nær framtid.

Urørt område
Trass i at området lenge har vore regulert til næringsareal, har det ikkje skjedd noko til no. Men no når det er lagt ut ein ny kommuneplan, nyttar altså naturvernforbundet høvet til å prøva å få dette området vekk frå planen. Dei viser til at dette er eit mykje brukt og urørt naturområde, delvis tilrettelagt med stiar. Området grensar ut mot Åråsvågen, som er farleia inn mot eit nytt hytte- og bustadområde tett ved, eit større planlagt område i Breidvik på andre sida av vågen og eit planlagt tilbod av utleigehytter like ved. Naturvernforbundet i Nordhordland meiner at konfliktpotensialet mellom industri og hytter, bustader og friluftsliv er stort.

Skjerpa strandsonevern
? Saman med Hoplandsmarka er dette det største samanhengande ubebygde utmarksarealet i kommunen. Industriområdet har i tillegg lang strandline og legg beslag på mykje av strandsona i Åråsvågen, heiter det i brevet frå Naturvernforbundet.
Dei viser og til at det nasjonale strandsonevernet er innskjerpa, og at eit industriareal som er nesten like stort som kommunen sin del av Mongstad-anlegget, vil vera eit brutalt inngrep i eit verdifullt natur- og friluftsområde. Dei meiner at slike næringsareal bør konsentrerast til område der det er industri frå før, det vil seia Mongstad-området.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt