Protesterte på straumstans med kort varsel
KNARVIK: Nina Johannessen i Knarvik Øyelegeklinikk er kraftig provosert av BKK, som ville stengja straumen hos dei tysdag 6. desember.
Endret 05.12.11 18:24
Då Nina Johannessen henta posten til Knarvik Øyelegeklinikk laurdag, låg der brev frå kraftselskapet BKK om at dei skulle stengja straumen der i dag, tysdag, frå klokka 09.00 – 11.00 i samband med arbeid som skal utførast.
– Då vart eg kraftig provosert. Ein kan ikkje senda ut ein slik beskjed med ein dags varsel, seier Johannessen.
Og hadde ikkje ho tilfeldigvis henta posten laurdag, ville dei ikkje visst om det før i går.
Johannessen reknar med at det er andre verksemder i området som har fått liknande beskjed, slik at straumstansen ramma fleire.
Avbestilla
– Eg måtte reisa på jobb søndag ettermiddag for å prøva å få tak i pasientar som skulle ha time i det tidsrommet som straumen skulle vera borte. Me kan ikkje ta mot pasientar viss her ikkje er straum, seier Johannessen.
Etter fleire timars innsats var det framleis to pasientar ho ikkje hadde fått tak i.
– Og mange av pasientane vart sinte fordi dei har stått på venteliste lenge for å koma til, seier ho.
Tysdag har dei også leigd inn optikar Helge Stokke, og difor er det ekstra mange pasientar den dagen.
Dermed var det kanskje eit tjuetals pasientar som ville verta ramma.
Augnelege Øystein Mjanger fortel til Strilen at det er opp til eit halvt års ventetid for å koma til der, så ei utsetjing er svært beklageleg.
Kraup til krossen
Johannessen meiner at ein planlagd straumstans må gå an å melda frå om minst to veker på førehand, slik at dei kunne ha tid til å kontakta pasientane og gje dei nye timeavtalar.
Etter at Johannessen hadde gjeve BKK klar beskjed om kor urimeleg straumstansen var, bestemte BKK seg for å utsetja å stansa straumen hos dei. Dermed måtte Johannesen i gang med ein ny ringerunde for å henta inn att pasientane som hadde fått beskjed om at timeavtalen måtte utsetjast.
Johannessen fortel at BKK har opplyst at dei normalt sender ut melding om straumstans eit par veker på førehand, og at dei vedgår at i dette tilfellet er det gjort ein feil.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




