Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Prøvetakinga ferdig ved U864

Del | |
FEDJE: Arbeidet med å ta prøvar av sedimenta rundt vraket av U- 864 er ferdig, melder Kystverket på sine heimesider. (Foto: Geoconsult/ Kystverket)
Publisert 06.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Verksemda Geoconsult driv nye undersøkingar ved vraket av den tyske ubåten. Først skal dei slå fast omfanget av forureining kring vraket av U864, seinare skal dei også prøva å ta opp fleire kvikksølvflasker. Undersøkingar gjort ved prøvetaking har vist at det er eit område med ein radius på 150 meter rundt vraket som er forureina av kvikksølv, melder Kystverket onsdag. Det vert ikkje teke fleire prøvar av sedimenta.
Den tyske ubåten ligg vest for Fedje med ei last på mellom 60 og 70 tonn kvikksølv.
I alt skal det takast kring 150 sedimentprøvar, og desse vert analysert etter kvart om bord på Geoconsult sitt skip «Geoholm».
Det vert nytta fjernstyrt miniubåt (ROV) i arbeidet, og etter kvart skal det også koma på plass utstyr for å henta opp kvikksølvflasker. Så langt har ein observert fleire flasker på botnen, flasker som liknar kvikksølvflaskene som vart henta opp i fjor.
Undersøkingane som vert gjort no i september skal gje Kystverket grunnlag for å anbefala kva ein skal gjera med vraket. Det vart også gjort slike undersøkingar i fjor, men ein fann då ikkje ut nok om til dømes tilstanden til skroget på vraket. For å hindra utslepp av kvikksølv er det aktuelt å heva vraket med flaskene i, berre heva flaskene og ikkje vraket, eller dekka til vraket på botnen.
Uansett kva som skjer med vraket så rår Kystverket til at ein dekker til sedimenta på botnen, for å hindra at forureininga her sprer seg ytterlegare.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt