Rådmannen seier nei til skytebane
Endret 20.08.07 10:49
? Denne holmen som me bur på er ikkje så stor. Det er ikkje så mange alternativ til Haukåsen, seier Kornelius Manger.
Etter å ha jobba for ei ny bane i femten år er korkje han eller dei andre styremedlemmene i laget viljuge til å gå på ein ny runde dersom politikarane seier nei til Haukåsen no.
? Spørsmålet politikarane no må ta stilling til, er om det skal vera skyting på Radøy. Får me nei no vert Radøy skyttarlag lagt ned, seier han. Dette er noko styret også har teke opp med medlemmene, og dei støttar dette synet.
? Alltid protestar
? Me har jobba med dette sidan 1991, og kan ikkje gå på fleire rundar no. Uansett kva stad me måtte landa på vil det alltid vera nokon som er i mot, seier Manger.
? Me kjem til å bruka anlegget tre kveldar i veka, to timar kvar kveld, frå april til september. Folk vil nok høyra at det smell, men det er ingen av dei som går på Nøttveitveten som klagar på støy frå skytebana på Manger.
Skytebana laget har på Manger kan nyttast i seksti år til, etter at arealet på slutten av sekstitalet vart oreigna og bandlagt til dette føremålet for 99 år. Men anlegget manglar veg fram til standplass og mellom standplass og anvisargravene, og laget ser seg heller ikkje nytte i å investera der.
? Det vil kosta mykje å rusta opp anlegget med vegar og elektroniske skiver, og det vil ikkje vera framtidsretta. Skal me utvida på Manger må me søka konsesjon, og det vil me heilt sikkert ikkje få, seier skyttarlagsleiaren.
Næranlegg
På Manger ligg det hus inne i støysona, slik at ei utviding vil koma i konflikt med desse. I Haukåsen er det større avstand til dei næraste husa.
? Eit anlegg i Haukåsen vil dessutan sikra området rundt som friluftsområde, for med ei skytebane der vert det ikkje noko utbygging.
Kornelius Manger meiner at anlegga i nabokommunane berre er eit alternativ for jegerar som skal skyta seg inn eit par kveldar før jakta.
? Me får ikkje foreldra til å kjøra borna til Meland, Lindås eller Kjevikdalen for å skyta. Me ser i andre idrettar at det er viktig å ha anlegg i nærområdet, og det er viktig også for oss.
Laget har i dag kring hundre medlemmer, førti av desse er under atten år. Miniatyrskytinga i Radøyhallen er populær, og har hatt over seksti ungdommar innom. I haust har det kome fleire jenter enn tidlegare, og dei er inspirerte av dei gode resultata til Kine Gjerstad Eide (Seim skyttarlag).
? Får me skytebane no, kan me kanskje ha eit slikt talent her også om ti år, seier Kornelius Manger.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




