Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Radøy Årets beredskapskommune

Radøy Årets beredskapskommune

Del | |

–  Det er fleire grunnar til at Radøy er kåra til Årets beredskapskommune, seier fylkesberedskapssjef Arve Meidell.

Publisert 10.11.11 09:31
Endret 15.11.11 12:57

Prisen som Årets beredskapskommune i Hordaland vart delt ut av assisterande fylkesmann Rune Fjeld under eit beredskapsseminar på Voss, der ordførar Jon Askeland fekk æra av å ta imot.

Kommunen får prisen på grunnlag av fleire kriterium, etter ei vurdering gjort av Fylkesmannen si beredskapsavdeling.

– Me opplever at Radøy over tid har jobba godt med sam-funnssikkerheit og beredskap. Det har kommunen gjort gjennom ROS- analysar (Risiko og Sikkerheitsanalysar). Kommun­en har følgd desse analysane opp med risikoreduserande tiltak der det har vore nødvendig, seier Arve Meidell.

Ved tildelinga har Fylkesmannen og lagt vekt på at beredskapsarbeidet hjå Radøy er godt forankra både politisk og administrativt.

– Me har og lagt vekt på at Radøy har vore ein føregangskommune i å ta i bruk ny teknologi på fagområdet, seier Meidell.

Det er ros som ord­­føraren set stor pris på.

– Harald Stanghelle har jobba mykje med beredskapen i kommunen og har ein stor del av æra, men eg opplever også at det er noko ein har hatt bra fokus på elles. Det gjeld både i administrasjonen og blant politikarane. Beredskap er eit viktig tema, seier Askeland og legg til at dette er noko ein ikkje legg så mykje merke til i kvardagen.

– Så lenge det ikkje skjer noko spesielt merkar innbyggjarane våre lite til det arbeidet som vert gjort, men når det skjer noko er det viktig at me er godt førebudde slik at me kan takla det som måtte oppstå. Innbyggjarane våre skal kunna stola på at kommunen har eit kriseteam og ein kriseberedskap som fungerer og det er kommunen si oppgåve å syta for at dei kan gjera det og at alt fungerer når det gjeld, seier Askeland i ein kommentar til Strilen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt