Small i fjellveggen

LINDÅS: Ein mann i slutten av 80-åra køyrde i fjellveggen inne i Litle Urdal-tunnelen onsdag kveld.

[23.05.13 13:52]

Gull til Urhaug i Slovakia

Tommy Urhaug vann torsdag singelklassen i bordtennisturneringa Slovakiske opne. - Ok spel, har mykje å gå på, så må jobba vidare. Likevel, gull er gull, melder Urhaug.

[23.05.13 13:58]

Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]
Brukernavn 
Passord 
Radøy får luftspenn, Austrheim går fri

Radøy får luftspenn, Austrheim går fri

Del | |

Det vert luftspenn over Radøy, men ikkje over Austrheim, er konklusjonen etter at departe­mentet har sagt sitt om kraftlinja mellom Mongstad og Kollsnes

Publisert 22.06.12 18:46
Endret 22.06.12 18:47

– Jubelen står ikkje i taket, men det kunne vorte mykje verre enn dette. Me har verken vunne eller tapt. Du kan kalla det uavgjort, seier Jon Askeland.

Radøy-ordføraren sat skulder ved skulder med ordførarane i Lindås, Austrheim og Øygarden, då Olje- og energidepartementet offentleggjorde si avgjerd om kvar kraftlinja mellom Kollsnes og Mongstad skal gå. Avgjerda vart gjort kjent på ein pressekonferanse i Bergen fredag.

Luftspenn i Radøy
Departementet går for ein trase som inneber ein kombinasjon av luftspenn og sjøkabel. Dei har bestemt at kraftleidningen skal gå i luft frå Kollsnes til Ljøsøysundet i Øygarden. Frå Øygarden til Radøy går linja i sjøkabel. Kabelen skal koma i land i Kuvågen. Frå Kuvågen vil linja gå i luftspenn via Mjøs og til litt sør for Saltviki. Herifrå vil linja gå i sjøkabel i Lurefjorden via Lindåsneset til Mjåsundet i Lindås.

Frå Mjåsundet vert det igjen luftspenn til ein transformatorstasjon på Mongstad.

Heile strekket over Radøy vil dermed gå i luft, men i samband med utbygginga vil nokre eldre leidningar som går i området i dag verta lagde i jord. Dette vert gjort av omsyn til landskap og naturmangfald.

Austrheim går heilt klar
Den traseen som departementet går for, er omtrent lik den traseen som BKK har som sitt førsteval. Sjøkabelen frå Radøy til Lindås betyr at Austrheim går heilt klar av kraftlinja.

– Det er ei god nyheit for innbyggjarane i Austrheim, men i denne saka har me ikkje vore opptekne av kommunegrenser. Alle fire kommunane har stått saman, og me har jobba saman for å finna ei løysing som er best muleg for alle som bur i området, seier ordføraren i Austrheim, Per Lerøy.

– Måtte vekk frå folk
Kommunane har heile tida vore klare på at dei ville ha heile linja i kabel, men ordførarane er samde om at den traseen som olje og energidepartementet går for, er langt betre enn den innstillinga som først kom frå NVE.

– Innstillinga frå NVE ville fått enorme konsekvensar. For oss ville det vore eit stort tap om me hadde enda opp med noko slikt. Då ville kraftlinja gått over hovudet på folk som bur på Straume og Vågenes. Vår første prioritet i var at linja måtte vekk frå dei områda der det bur folk. På det punktet føler me at me har blitt høyrt, seier Askeland til Strilen.

Han er også glad for at landskapet i Austrheim vert spart for 60 meter høge master.

– Verdifullt kystlandskap
I det opne landskapet i Austrheim ville ei kraftlinje i luftspenn vorte godt synleg. Det har også departementet merka seg.

– Det unike kystlandskapet i Nordhordland med betydelige kulturminneverdiar og eit særprega fugleliv gjer at det er heilt nødvendig med betydeleg bruk av sjøkabel, uttalte statssekretær Per Rune Henriksen, som presenterte vedtaket frå departementet.

Statssekretæren berømma også kommunane for måten dei har handtert saka på, at dei har stått samla, og at dei har jobba konstruktivt for å finna gode løysingar.

– Me føler også at dialogen har vore god, og at det har vore ein ryddig og grei prosess, sjølv om me sjølvsagt hadde ønskt oss meir sjøkabel, seier Askeland til Strilen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Ønskjer ny barnehage

Ønskjer ny barnehage

GULEN: Det bør byggjast ny barnehage i Eidsbotn, meiner foreldreutvalet i barnehagen der.

    Nytt køyremønster på E39 Hylkje-Vågsbotn

    Nytt køyremønster på E39 Hylkje-Vågsbotn

    Natt til søndag 26. mai vert køyremønsteret på E39 nord for Vikaleitet lagt om.

      Oljesøl i Knarvik

      Oljesøl i Knarvik

      LINDÅS: Ein lastebilsjåfør var uheldig og fekk lekkasje i ein tank med brukt soyaolje. Olje rann ut i vegen i fleire hundre meter før lekkasjen vart oppdaga ved Knarvik Senter i dag, torsdag. 

        Avtale kan vera berga

        Avtale kan vera berga

        GULEN: Viss alle parti stemmer slik i fylkestinget som dei sa på folkemøtet på Byrknes (bilde) onsdag, er Hordalandsavtalen berga.

          Fortvilar over krav

          Fortvilar over krav

          LINDÅS: - Eg fattar ikkje kommunen sitt krav om riving. Er det ikkje lov å leggja tregolv på utsida av hytta si?

            Topp pinsefest for femti

            Topp pinsefest for femti

            LINDÅS: På Ostereidet starta femti sprekingar 2. pinsedag med tofjellstur, pinsefest, drøs og fanfare.

              Siste kortnytt