Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Radøy kan få nytt luftspenn

Del | |
Dersom BKK skal byggja ei 300 kilovolts høgspentlinje mellom Mongstad og Kollsnes, vil linja kryssa Radøy. BKK vil ha luftspenn over øya. Ordførar Olav Steinar Namtvedt er skeptisk.
Publisert 25.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Bergenshalvøens kommunale kraftverk (BKK) har gjort dei første vurderingane kring ei mogleg ny høgspentlinje mellom Mongstad og industrisenteret i Øygarden. Så langt er det ikkje avgjort at linja vert realisert. Det BKK har avgjort, er at dei vil melda frå om prosjektet og så i første kvartal senda ein konsesjonssøknad med forslag til konsekvensutgreiing. Mottakar av konsesjonssøknaden er Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), og saka vil gå fram og attende mellom BKK og NVE før linja eventuelt vert noko av.
? Dersom linja skal oppførast reknar me med at BKK kan få konsesjon i 2007. Då kan arbeidet starta i 2008, og linja stå ferdig i 2009, seier Lars Røise i BKK.
Røise er prosjektleiar for utbygginga av linja mellom Mongstad og Kollsnes.

Gasskraft til Kollsnes

Statoil har planar om eit varmekraftverk på Mongstad, der dei skal brenna gass for å få straum og varme. Varmen skal nyttast i produksjonen. Det skal også 60 mW av den totale kraftproduksjonen på 280 mW. Då står Statoil att med 220 mW, og det er denne straumen BKK vil frakta ut til Kollsnes.

? Utan eit varmekraftverk på Mongstad vert det ikkje trong for denne linja, seier Røise.

Det er Statoil sine planar som er avgjerande for om kapasiteten på eksisterande linjer vert for liten. BKK har sjølv mindre utbyggingar i Gulen og Masfjorden,. I alt er det her tale om 10-20 mW auka produksjon. Dersom Fred Olsen Renewables sitt prosjekt på Setenesfjellet i Gulen vert noko av kan produksjonen der verta mellom 40 og 60 mW. Men desse to siste er ikkje større enn at dei kan skje utan utbygging av linjenettet.

Med helikopter

Vert det eit luftspenn over Radøy vert mastene sett på plass med helikopter.

? Me brukar mykje helikopter i slikt arbeid, seier Solveig Rønslo, medlem av prosjektgruppa i BKK som arbeider med dette.

Dei grunneigarane som får ei høgspentlinje over jorda si vil få erstatning av BKK.

? Erstatninga vil relatera seg til dagens bruk av jorda, seier Rønslo.
 

Tap i nettet

Dersom ein vel ei løysing til 300 millionar, vil ikkje dette nødvendigvis innebera at nettleiga aukar. I utgangspunktet kan BKK krevja anleggsbidrag til linjearbeidet frå både Statoil som har straum å verta kvitt, og frå industrien på Kollsnes som treng meir straum. Men prosjektet kan også visa seg å vera nær sagt sjølvfinansierande. Ei betring av kapasiteten i nettet vil medføra at mindre straum forsvinn på veg gjennom linjenettet.
  ? Det kan henda at tapa våre vert redusert med like mykje som kostnaden med denne linja, seier Lars Røise i BKK.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt