Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Radøy-ordføraren godtek bom i eigen kommune

Del | |
Radøy-ordførar Olav Steinar Namtvedt godtek no bompengar på Lunde/Tolleshaug. Innkrevjing av bompengar der og ved flytebrua vert no aktuelt tidlegast frå 2010 etter eit framlegg Regionrådet drøftar måndag. Dermed er det klart for ein ny bompengedebatt.
Publisert 18.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Å gå inn for dette er ikkje moro. Men eg vurderer ny riksveg som så avgjerande for Radøy og heile regionen at eg er villig til å akseptera bompengar i Radøy, seier Namtvedt.
Han viser til at medfinansiering frå brukarane ser ut for å vera heilt avgjerande for å få til fleire prosjekt innan rimeleg tid. Og han legg sterk vekt på fase I som eit godt grunnlag for å få til Nyborgtunnelen i fase II. Og den meiner Namtvedt må koma langt tidlegare enn først etter 2020, som antyda i den ferske transportanalysen for Bergensområdet.
? Eg tør førebels ikkje tippa om dette er kompromisset som alle kan samla seg om, seier regionrådsleiar Håkon Matre om det nye framlegget.
Det som altså er nytt, er at Olav Steinar Namtvedt no bøyer av for Lindås sitt krav om bompengar i den kommunen som får mest i fase 1 av pakken, Radøy. Om Namtvedt får med seg heile sitt kommunestyre, er uklart.
Det som er klart, er at strekninga Tolleshaug-Soltveit har fått ein langt høgare prislapp enn tidlegare rekna med. Anslaget er auka frå 270 til 393 millionar kroner.

Den nye pakken
Det nye framlegget som Håkon Matre, Olav Steinar Namtvedt og Tove Linnea Brandvik står bak, går i korte trekk ut på følgjande:
Å satsa på ein bomstasjon på Rv 565 ved Lunde, knytt opp mot storprosjektet Soltveit-Tolleshaug, og ein ved Nordhordlandsbrua. Det vert lagt opp til innkreving i begge retningar med 12 kroner per personbil med full rabatt.
Lånebehovet for første fase av pakken er rekna til om lag 450 millionar kroner og nedbetalingstida åtte år, eit år lenger enn tidlegare antyda. Grunnen er prisauken først og fremst på anlegget Tolleshaug-Soltveit.
Innkrevinga av bompengar skal starta frå 1. januar  2010, eitt års utsetjing i høve til tidlegare planar.
Dei tre ordførarane som tilrår denne løysinga for fase 1, utgjer Regionrådet sitt samferdselsutval. Deira tilråding kjem opp for heile Regionrådet førstkomande måndag, på Frekhaug, altså i den kommunen der det er størst motstand mot nye bompengar i Nordhordland.
Elles presierer Namtvedt at den nye framlegget skal gå den vanlege runden, med behandling i representantskapen i Regionrådet og deretter i kommunestyra i kvar kommune.
Går ein pakke gjennom, peikar Namtvedt på at det vil vera viktig for alle anlegg at reguleringsplanane er klare.

«Halshoggen»?
? Eg vert vel kanskje «halshogd« for dette framlegget her i Radøy, seier Olav Steinar Namtvedt (Sp) til Strilen. Så langt har kommunestyret sagt klart nei til innkreving av bompengar i Radøy, slik Lindås har forlangt for å få ei meir rettferdig innkrevjing.
Namtvedt seier det er ei grundig vurdering som gjer at han no er villig til å akseptera bompengar i sin kommune.
Med stort engasjement uttrykkjer Namtvedt håp om at pakken kan godkjennast av Stortinget i 2008. I så fall kan eit aksjeselskap ta opp lån, og anleggsarbeidet i fase 1 kan startast opp i 2009, blant anna riksvegen på Radøy.
? Utan ein pakke er eg redd det vil gå minst ti år å koma i gang, seier Namtvedt. Han viser og til at fase I inneheld andre føremoner for Radøy, nemleg 25 millionar til gangvegar/trafikksikring ved Sæbø skule.
Døgntrafikken over Lunde er rekna til 2200 bilar, 500 mindre enn over Kalneset.
? Kan Fylkestinget godta ein pakke Meland er mot?
? Kva ein måtte tru om dette er uinteressant. Radøy får gjera si vurdering, så får andre gjera si vurdering, seier Namtvedt.

Skeptisk
Gruppeleiar John Bauge (H) reknar med å få meir informasjon frå Namtvedt i dagens formannskapsmøte.
? Namtvedt har opplyst til formannskapet at han ville vurdera ei ny løysing, men han fekk ikkje ryggdekning for å støtta bompengar på Radøy. Frå Høgre si side gav eg klar melding om vår mostand mot dette, seier Bauge.
Men samstundes ser Bauge dette som eit forsøk på å oppnå semje i regionen, og eit nytt framlegg vert vurdert seriøst også av hans parti.
? Men om dette også skulle stranda, ser eg ikkje det som nokon dramatikk for Nordhordlandspakken. Den er trass alt omtalt i transportanalysen for Bergens-regionen, seier Bauge.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt