Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Radøy-rådmannen i ny jobb

Radøy-rådmannen i ny jobb

Del | |

RADØY: Etter fem år i rådmannsjobben reiser Christian Fotland til Lillehammer og same jobb der.

Publisert 28.09.11 08:48
Endret 28.09.11 08:47

Fotland startar 1. januar 2012 i ny jobb som rådmann i Lillehammer kommune.
Budsjettansvaret aukar frå kring 300 millionar til godt over milliarden, og folketalet i nyekommunen er med sine 26.640 meir enn det femdoble av Radøy.
– Det vert kjempespennande å ta til som rådmann i Lillehammer, seier Christian Fotland (44).
Formannskapet i Lillehammer kommune innstilte tysdag samrøystes på å tilsetja Fotland i jobben, det endelege vedtaket vert gjort av kommunestyret torsdag.
– No har eg akkurat vore fem år på Radøy, det er vel passeleg tid. Men det er litt trist å reisa frå ein offensiv kommune, som er i vekst, seier Fotland.
Noverande rådmann i Lillehammer pensjonerer seg ved nyttår, og Fotland tek til frå 1. januar. Dermed står han ut si tre månader lange oppseiingstid på den grøne øya.

Les meir i Strilen torsdag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt