Radøygruppen-utviding kan starta opp i 2008
Endret 20.08.07 10:49
? Me tek sikte på å ta ut massar straks planen er godkjent, seier dagleg leiar ved Radøygruppen Lasse Ståløy.
Massane skal fyllast ut i sjø og danna fundament for ein ny hall.
? Me overtok anlegget på Vetås for elleve år sidan, og hadde ganske god plass då. I dag har me det trongt, og treng uteareal både til lagring og montering.
Radøygruppen leverer ein del produkt til Framo Engineering, og denne verksemda arbeider med etablering tett ved Radøygruppen sitt anlegg. Men uansett om Framo kjem til Fjellsende, så vil Radøygruppen utvida hjå seg.
? Dette gjer me uansett, seier Ståløy.
Men han synest det hadde vore positivt om Framo hadde etablert seg på nabotomta. ? Det hadde vore fint om me her kunne fått eit område med fleire verksemder.
Informerte
Tysdag ettermiddag og kveld var grunneigarar, naboar og bygdefolk inviterte til Radøygruppen for å få ein nærare presentasjon av planane. Det møtte fram kring 60-70 interesserte.
? Folk har ulike syn og interesser, men me klarte likevel å ha ein sakleg og fin dialog, seier Ståløy.
Mellom emna på møtet var planane om å utbetra vegen frå Storheimstø og til Vetås.
? Det er alt sett i gong ei eiga utgreiing om mogleg vegtrasé, og i dette tek ein med som eit alternativ planane som Spenncon i si tid la fram.
Dette er eit vegalternativ som i tillegg til å utbetra vegen til Vetås, også omgår dei verste svingane opp til Storheimskrysset.
To byggjetrinn
Det er lagt opp til at utvidinga av anlegget på Vetås skal gjerast i to byggjetrinn, der ein først grev ut ein del no, og så noko meir seinare.
? Byggjetrinn to vil nok liggja fem år fram i tid, seier Lasse Ståløy.
Før andre byggjetrinn må vegen til Fjellsende leggjast noko om, då dagens trasé vil koma innanfor den planlagde utvidinga.
Framo kan koma til Fjellsende om tre år
RADØY/LINDÅS: Så langt kan ikkje Framo Engineering seia noko sikkert om framdriftsplanane på Fjellsende, men vert området regulert til industri kan dei vera på plass om kring tre år.? Me har sett framover, og tenkt på kva me må gjera for å sikra framtidig kapasitet. I samband med dette ser me at det ligg eit ubebygd område på Fjellsende, seier Torbjørn Vågenes, økonomidirektør i Framo Engineering.
? Det er vanskeleg å seia når dette kan koma, men grovt rekna er det tale om eit treårsperspektiv.
Framo har kome til at det vert trongt både på Flatøy og ved anlegget i Fusa, og i tillegg til ei etablering på Fjellsende arbeider dei også med ei anna lokalisering i bergensområdet.
? Me har nok trong for begge desse to nye, men i eit litt ulikt tidsperspektiv.
Dersom det i kommunedelplanen vert opna for industri på Fjellsende, vil Framo starta med ei detaljert planlegging.
? Så langt har me ikkje sett på kor store bygningar det er tale om, eller kor mange tilsette, seier Torbjørn Vågenes.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




