Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Radøy/Manger tapte for Brann 2

Del | |
Med heile sju profesjonelle førstelagsspelarar på laget, vart Brann 2 eit nummer for store for Radøy/Manger på Sletta i kveld. 2 - 6 stod det då dommaren blas av den første seriekampen til radværingane.
Publisert 25.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Radøy/Manger skal likevel vera godt nøgd med innsatsen, og det var langt frå snakk om noko einvegskøyring. Spelet føregjekk faktisk på Brann sin halvdel store deler av kampen. Men ein frisk Trond Fredrik Ludvigsen saman med spelarar som Robbie Winters og Erik Huseklepp sprang sund eit tappert Radøy-forsvar på kontringar i starten, og det stod til slutt 0 - 4 etter berre første halvtimen. Radøy hadde også fleire sjansar og halvsjansar, men det er heller ikkje lett å nå gjennom framme når ein møter forsvarsspelarar som Armann Bjørnsson, Ramiro Corrales og Bjørn Dahl. Kvar av desse spelarane har truleg årsløner som er langt høgare enn Radøy/Manger sitt budsjett. Men heimelaget klarte faktisk å redusera etter dryge halvtimen ved Geir Atle Osa, og nok ein gong rett før pause ved Jarle Sylta. Erik Huseklepp la på til 2 - 5 nokre minutt ut i andre omgang og Robbie Winters fastsette resultatet til 2 - 6 berre sekund før slutt. Vel hundre publikummarar fekk med seg denne kampen, der heimelaget fekk møta spelarar som Radøy/Manger vanlegvis berre møter ein svært sjeldan gong i cupen. Førre gong dei møtte Brann 2 på Sletta, hadde ikkje gjestane ein gong med seg nok drakter til spelarane. Geir Atle Osa vart fortent kåra til heimelaget sin beste spelar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt