Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Radøy/Manger tapte mot Voss

Del | |
3. div. menn: Eit skaderedusert Radøy/Manger tapte 0 - 4 heime mot Voss fredag kveld.
Publisert 04.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Ein kombinasjon av forsvarsfeil og dårleg utteljing framme, gjorde at resultatet vart som det vart. Heimelaget kom bakpå alt frå start, men klarte å reisa seg utover i omgangen. Før 20 minutt hadde gått leia vossingane 0 - 1. Radøy hadde deretter eit par farlege sjansar, men utan å få utteljing. I ein situasjon med rot og dårleg kommunikasjon i forsvaret, sette Andre Rebnord ballen i eige mål i det 37. minutt. Litt etterpå var det igjen litt ukonsentrert bak hjå radværingane, og ein vossing fekk gå lenge med ballen og sette skotet kontrollert i mål. 0 - 3. 
I andre omgang satsa Radøy/Manger friskt, og fekk straffe i det 50. minutt då Daniel Waage vart felt. Ein ikkje særleg god straffe frå Terje Tangedal vart redda, og det oppstod ein del turmulter då vossingane meinte at Ronny Thomassen var for hissig på returen i duell med keeper. Det var deretter nokre merkelege situasjonar til i Radøy-forsvaret, mellom anna eit tilbakespel som nesten førte til skåring. Radøy hadde også nokre sjansar, eit par av desse veldig farlege, men det meste gjekk over og utanfor i kveld. 0 - 4 målet kom etter nær 60 spelte minutt. Ein vossing fekk stå nokså åleine og sette skotet i nota. Ein omdiskutert situasjon heilt på tampen av kampen, førte til at Andre Rebnord vart utvist. Ein vossing hekta han tilsynelatande med vilje og Rebord takla like etter ein annan spelar stygt bakfrå, noko som verka som ein hevnaksjon. Det var svakt av linjemannen, som stod to meter frå situasjonen, å ikkje dømma frispark til Rebnord. Men det er heller ikkje akseptabelt å hevna seg. Med Rebnord i karantene i minst ein kamp, vert det ikkje lettare for Radøy som så sårt treng poeng i kampane framover. Etter tre kampar ligg radværingane nest sist på tabellen med 0 poeng, det same som Arna Bjørnar og Ny-Krohnborg. Dei to sistnemnde har spelt ein kamp mindre.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt