Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Radøy/Manger vidare i cupen

Del | |
RADØY: Radøy/ Manger gjekk vidare til andre kvalifiseringsrunde i cupen, etter 2 ? 1 siger mot Follese på Sletta tysdag. Målvakt Kristian Smith Hella heldt laget inne i kampen med gode redningar.
Publisert 18.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Christer Smith hadde to nettkjenningar, og vart dermed mannen som sikra at radværingane gjekk vidare. Men i første omgan spelte heimelaget dårleg, og gode redningar av målvakt Kristian Smith Hella heldt Radøy/Manger inne i kampen.

Svak første omgang
Heimelaget låg under med 0-1 til pause.
? Dei kunne fort ha fått fleire mål, men Kristian gjorde nokre flotte redningar, fortel trenar Terje Skjelvik.
Smith Hella redda eit par farlege skot, og redda også åleine med Follese-angriparar.
Skjevik seier Radøy/Manger gjorde det meste feil i første omgang. Det var strekk i laget, og dei tapte duellar. Men dette retta dei på i pausen.

Betre i andre omgang
Endringa gav raskt resultat, og heimelaget skapte mange sjansar. Eit skot i stonga og eit skot utanfor etter å ha runda Follese-målvakta, var to av desse. Christer Smith utlikna vel 20 minutt ut i omgangen. Eit par minutt seinare førte knallhard kjemping i ein duell med keeper frå Anders Dragøy si side, til at Christer Smith kunne setja ballen i ope mål . 2 ? 1.
? Denne siste var neste ferdigskåra, seier Skjelvik, som gjev honnør til Dragøy for innsatsen. Men han legg til at ein god målskårar gjerne plasserer seg der ballen kjem i slike situasjonar.

Vidare i cupen
Skjelvik fortel at det alltid er kjekt å delta i cupen, og dei treng og denne kamptreninga før seriestart. Dei er no vidare til andre kvalifiseringsrunde til cupen. Vinn dei og den kampen, går dei til 1. runde i cupen. Det lengste Radøy/Manger har kom ei cupen, er til 2. runde, der dei for eit par år sidan tapte heime mot Brann. 

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt