Radværingar på jobb under Torino-OL
Endret 20.08.07 10:49
Mindre enn Knarvik
? OL-eventyret byrja fantastisk. Det var ein heftig start med sølv til Kari Traa, gull til Lars Bystøl dagen etter og eit utruleg spennande renn med Liv Grete Skjelbreid Poiree tredje dagen, seier Taule engasjert på ei sprakande telefonlinje frå Italia.
Sidan har det gått slag i slag for den travle journalisten frå den grøne øya. Men om det var travelt, så fann han seg heldigvis godt tilrette i den vesle byen Cesana Torinese, 10 mil frå Torino. Byen, eller landsbyen, har nemleg ikkje fleire enn tusen innbyggarar, og berre ei gate.
? Mange av dei små landsbyane der OL-arrangementa gjekk føre seg var faktisk mykje mindre enn Knarvik, seier Taule.
Til samanlikning er Torino ein millionby. Den skøyteinteresserte radværingen tok turen til millionbyen for å sjå dei beste skøyteløparane. Det tok si tid. Først tok han taubane, deretter buss før han skifta til tog, vidare til lokaltog, og til slutt ein taxitur.
? Turen gjekk i fem etappar, og tok fire og ein halv time. Eg var heime igjen klokka tre om natta, minnest Taule.
Dagen etter måtte han opp klokka ni for å dekka skiskyting.
På lag med svenskane
Taule har vore med på OL-festen før, både i Salt Lake City for fire år sidan, og i 1994 på Lillehammer.
? Det er store kontrastar. Sist vann me tretten gull, no fekk me to. Men eg er ikkje misfornøgd, me tok jo 19 medaljar. Me må tåla å tapa litt, og så får me jubla med svenskane, seier han muntert.
Og jubel med svenskane fekk han verkeleg oppleva, for han og kollegaene budde på same hotell som dei svenske skiskyttarane, og vart kjend med mange av dei.
? Eg spelte forresten bordtennis med den svenske forbundssjefen Staffan Eklund, seier Taule.
Men også her tapte Noreg mot søta bror, heile 21-16.
Taule kan fortelja at det gjekk høglydt for seg etter at Anna Karin Olofsson, den einaste kvinnelege skiskyttaren i den svenske troppen, vann gull.
? Det var ei veldig feiring, det var artig. Men eg hadde med meg sov-i-ro, så eg fekk sova. Jubelen var også stor då dei tok gull i ishockey, seier Taule, som hevdar å ikkje vera sjalu på gullhausten til våre naboar i aust.
? Ein skulle gjerne ønska at ein var svensk akkurat då. Men Anna Karin er jo nesten litt norsk, ho kjem jo frå Härjedalen, påpeikar Taule.
Heimlengsel
Litt mobbing frå svenskane innrømmer han at det vart. Då var det kjekkare når italienarane vann.
? Dei vart veldig spandable kvar gong dei tok gull. Me fekk ekstra is til dessert, berre me jubla med dei, seier han.
No er OL-eventyret over for denne gong, og han gler seg veldig til å komma heim.
? Me har fått fantastisk pizza og pasta til middag her nede. Frukosten derimot, var ikkje særleg spenstig, beståande av tørr loff med syltetøy. Og så måtte me jo møta svenskane til frukost kvar dag, spøker Taule.
Ikkje tidenes beste
Ein anna radværing som har vore i Italia under dei olympiske leikane er Jan Gunnar Kolstad, også han på jobb som journalist. No er han vel heime i Noreg, og fortel at arrangementet hadde både fantastiske og litt mindre fantastiske sider.
? Det største var garantert då Lars Bystøl tok gull i normalbakke. Av dei øvingane Noreg hadde med utøvarar i, er nok hopp den kjekkaste, seier Kolstad, som syntes dei to første vekene var dei kjekkaste.
? Den siste veka var kanskje litt tyngre. Ingen av dei norske var nøgde med seg sjølv, og då er det ikkje like kjekt å vera på jobb, seier han.
Eit anna høve som ikkje gjorde turen like kjekk, var butilhøva.
? Me budde på noko som likna ein leirskule frå 30-talet, seier han.
Han kan lett plukka litt på organiseringa, som ikkje var heilt bra gjennomført. Mellom anna samanliknar han med OL i Athen, der han også var tilstades.
? Athen var veldig utskjelt på førehand, men det organisatoriske fungerte mykje betre der, seier han.
Men han seier også at om ein er førebudd på at bussen kanskje ikkje går når den skal, så taklar ein det greitt.
? Slikt må ein berre rekna med at skjer. OL er alltid ei stor oppleving, seier Kolstad.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




