Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
– Rampestrekar langt over grensa

– Rampestrekar langt over grensa

Del | |

FREKHAUG: I haust har to huseigarar i Lonerenen opplevd å få dørene pepra med sølekaker. No er grensa nådd.

Publisert 15.11.11 12:46
Endret 15.11.11 12:46

– På søndag var dei her fire gonger. Først ringte dei på og sprang, fleire gonger. Seinare hørte eg klasking mot døra. Då eg kom ut, trakka eg i sølekaker og fekk griseriet langt inn i gangen, seier ei kvinne til Strilen.

Etter råd frå politiet har ho tatt kontakt med avisa, for å gjera folk merksam på kva som skjer. Men ho ønskjer ikkje å ha namnet eller adressa i avisa, i frykt for at det skal gjera situa­sjonen verre.

Skit langt oppover døra
Kvinna bur i ei av blokkene i Lonerenen, eit steinkast frå Frekhaug senter. Både i haust og i fjor haust har ho vorte plaga av born som ringjer på dørene og spring før ho rekk å opna. Det same har ein av naboane hennar opplevd.

– Det er plagsamt at borna ringjer på og stikk av, men me oppfatta det som relativt uskuldige rampestrekar, og rekna med at dei ville gå lei etter ei stund. Det skjedde ikkje. Det har berre vorte verre og verre. I det siste har dei også begynt å kasta sølekaker på dørene våre, og etter Halloween fann eg ei ordentleg skitkrue som var gøymt vekk i eit hjørne her. Det såg ut som menneskeskit, og lukta heilt forferdeleg, seier kvinna.

Då Strilen prata med henne måndag føremiddag, hang det framleis skitkaker langt oppover døra etter herjingar kvelden før. Kvinna er både oppgitt og fortvila over griseriet.

Gutar i 10-13 årsalderen
Dei to naboane som er plaga med skitkastinga, trur at det er same borna som angrip kvar gong.

– Dei står gjerne bak eit hushjørne på andre sida av vegen og lurar. Eg har fått nokre glimt av dei. Det er ikkje så lett å tippa alder, når du berre ser dei i flukt, men eg vil tru dei er ein stad mellom 10 og 13 år gamle, seier kvinna.

Både ho og naboen har merka seg retninga borna flyktar i, og trur at dei bur ein stad i Nordgardshaugen. Ingen av dei forstår kvifor borna har bestemt seg for å plaga akkurat dei.

– Eg trur det er litt tilfeldig. Me kjenner ikkje nokon av borna i nabolaget, og har heller ikkje noko med dei å gjera, så eg trur det er fordi våre leiligheiter ligg lettast tilgjengeleg at dei driv på her hjå oss, seier kvinna.

Nabo fann «stinkbomber»
Ho fekk også sølekaker oppetter veggen sin søndag kveld, og kan fortelja at ho tidlegare også har fått «stinkbomber» på dørmatta.

– Det er noko greier som eksploderer, og som er full av skit. Eg veit ikkje kva dei har hatt oppi, men det luktar heilt forferdeleg, seier ho.

Kvinna som kontakta avisa fortel at ho kvelden før åtvara borna om at dei no hadde gått over streken, og at ho ville gå til politiet.

– Eg har ropt det etter dei, og er ganske sikker på at dei har fått det med seg. Dei trur sikkert berre det er tomme trugslar, men no har dei faktisk trekt strikken så langt at eg har kontakta politiet. Ein har sjølvsagt ikkje lyst til å plaga politiet med slikt, men i helga var det så gale at eg ikkje såg anna råd enn å ringja for å få råd om kva eg skulle gjera. Eg opplevde at dei tok meg på alvor. Sidan me ikkje veit kven borna er, vart eg råda til å begynna med å ta kontakt med avisa, i håp om at foreldra til borna ville oppdaga det på den måten. Fungerer ikkje dette, må eg gå vidare med saka, for slikt går berre ikkje an, seier kvinna

Ho oppfordrar folk som bur i området, og har barn i den aktuelle alderen, om å følgja godt med på kva borna deira heldt på med ute.

– Det er ikkje uvanleg at born gjer ein og annan rampestrek, men når dei driv på slik som desse, så er det langt over grensa. Dette er så alvorleg at foreldra må ta tak i det, meiner ho. 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt