Rasar mot hyttereglar
Endret 20.08.07 10:49
? Me aksepterer at kommunen set grenser for kor store hytter og kaiar skal vera i Masfjorden, men det bør vera grenser som er i samsvar med tida me lever i, seier Geir Haugsvær til Strilen.
Haugsvær er styreleiar i Bjørkeneset hyttefelt på Kvamme. Dei har kome med merknader til arealgrensene som er sette opp i den nye kommuneplanen, som skal vedtakast i vinter.
Å setja ei øvre grense på 100 kvadratmeter for hyttene i kommunen meiner styret er alt for lågt. I merknaden vert det vist til at dei færraste kommunane lenger opererer med øvre grense, men dei som gjer det, ligg på minst 130 kvadrat.
Små kaiar
Men nesten endå verre meiner Haugsvær at arealgrensa på ti kvadratmeter for kaiar er.
? Slik terrenget er mange stader, vil det vera vanskeleg å byggja ein så liten kai. Det kan vera langgrunt, eller terrenget på land gjer at kaien vert større.
? Her må det vera mogeleg å bruka skjøn, meiner Haugsvær.
I merknaden vert det også vist til at kommunar som Kragerø, som har langt større press på standområda enn Masfjorden, har sett ei øvre kaigrense på 15 kvadratmeter.
? Og viss ein har ein cabincruiser, korleis skal ein kunna leggja til ein så liten kai? spør Haugsvær.
Naturfargar
I føresegnene til den nye kommuneplanen står det og at hyttene skal malast i naturfargar. Det kan ikkje styret i Bjørkeneset hyttefelt sjå føremålet med.
? Kva er naturfargar? spør Geir Haugsvær. I Bjørkeneset er delar av feltet også tilrettelagt for bustadhus, og der gjeld ikkje dei same fargereglane. Det meiner Haugsvær er inkonsekvent.
? Me ønskjer ikkje å vera negative, men meiner at dei grensene som no står, vil skapa unødige vanskar både for hyttefolk og fastbuande. Ein bør heller bruka fornuft og skjøn enn å setja faste grenser, avsluttar Haugsvær.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




