Rasar mot «Lørvika», Listveiten og Ytstebø
Endret 20.08.07 10:49
? Skiltet var slitt, og i vår kom eit nytt med finare skrift på plass. Då trudde me det var endeleg bestemt at det skulle heita Lervik, seier Lervik. Både ho, mannen hennar og svigerfaren har sendt brev til kommunen med ønskje om at Lervik vert ståande. ? Me er absolutt ikkje nøgde med ei endring, og eg trur ærleg tala at det ikkje kjem til å verta brukt om det vert ei endring, seier Solbakken Lervik.
Og gardsnamna må få ein skrivemåte som brukarane opplever som fornuftig, det synest også rådmann Leif Taule.
Han legg også vekt på dagens bruk og uttale i den siste krangelen om skriving av namn på Radøy.
Denne gongen er de tre namn Statens namnekonsulentar har reist i samband med vegnamn. Konsulentane viser til at namna byggjar på gards- og bruksnamneformer som ikkje har vore behandla etter stadnamnlova.
Konsulentane gjer merksam på at det er Statens Kartverk som bestemmer skrivemåten til «naturnamn og bruksnamn som språkleg eller geografisk fell saman med nedervde stadnamn».
Grunneigarane har liten sans for dei nye innspela. «Lilletveit» er innarbeidd gjennom lang tid, og dei meiner dette er i tråd med munnleg uttale. Dei vil ikkje at namnet og dermed identiteten deira skal endrast til Listveiten, som er unaturleg for dei.
Like uforståande er dei som har nytta «Lervik» i over 100 år. Lørvika eller Lørvik vil verka framand og forvirrande for alle, heiter det i ein uttale.
Klar tale kjem det også frå Ystebø på Sletta. Hald på dette namnet og ikkje skriv Ytstebø. Ystebø er skrivemåten så langt tilbake som i utskiftingsprotokollen frå 1877, vert det vist til.
Rådmann Leif Taule har liten sans for at namnekonsulentane finn historiske argument for å vedta gamaldagse namn. Det vert namn som ingen vil verken vedkjenna seg eller bruka.Eit vanleg syn er at namn er ein lokal eller nesten privat eigedom, peikar rådmannen på.
Saka skal opp til politisk behandling i formannskapet fredag.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




