Raske rytmar på dansekurs
Endret 20.08.07 10:48
Fredag
fekk 25 jenter på Knarvik barneskule testa både
koordinasjon og konsentrasjon då Irmelin Gripsgård inviterte til
dansekurs.
- Det er kjempegøy! ropar dei i kor.
- Ein, to, tre, klapp! Fire, fem, seks, snu! instruerer Irmelin.
Dei fleste jentene har den første dansen inne i ein fart.
- Me var på prøvetime førre fredag, og i dag er det berre nokre få nye, seier Kristin Aase (9).
Dei nye hang seg raskt på, og etter litt teljing av steg og terping var det tid for å læra enda ein ny dans. Ei av dei som ikkje var på prøvetimen var Regine Solberg (11).
- Ho er kjempeflink å læra frå seg, ho går ikkje vidare før alle kan det, det er kjempeflott, seier Regine.
Ung og lovande
Kurset vert leia av Irmelin Gripsgård, som er 15 år og går siste
året på Meland ungdomsskule. Dei tre siste timane på fredagar har elevane
valfag, og i desse timane har dei høve til å velja sjølv kva dei vil gjera. -
Det skal vera noko som me brukar mykje tid på elles, og då fall valet naturleg
på dans for meg. Eg går på dans sjølv måndagar, tysdagar har eg og ei venninne
dansekurs for elevar på Grasdal og fredagar har eg no starta kurs her. I tillegg
dansar eg mykje heime, seier Gripsgård.
Ho har vore med i den lokale ungdomsmeisterskapen og fått høvesvis første- og andreplass dei to siste åra. - I meisterskapen i Bergen kom eg blant dei seks beste, seier ho stolt.
Populær lærar
Etter 20 minuttar er jentene slitne, og treng ein drikkepause.
Men Irmelin får ikkje pause, for dei danseglade jentene stimlar seg rundt ho,
nyfikne og pratesjuke. - Eg tykkjer du er veldig kul, seier Ailin Bergetun
Kvalheim (10). - Kan ikkje du visa den dansen som du gjorde sist gong? Kan du
fleire dansar? Eg vil dansa til "What?s in it for me". Elevane er tydeleg
fascinert av den flinke læraren, og gledar seg allereie til neste kurs, som er
om ei veke. Dette er nemleg den første av fem fredagar kurset går, og kvar gong
vil deltakarane læra nye dansar. - Men dersom kurset vert så populært som det
ser ut til, kjem eg nok til å halda fram med fleire kurs seinare, seier
Irmelin.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




